FRAMSKRITT – kva er det?

- Få ting i Noreg har utløyst større energi og kreativitet dei siste 50 åra på vegner av framskrittet og utviklinga enn forslaga om mest mogleg tilgang til rusmiddel.

  Foto: Geir Forbregd

Meninger

Vi som har levd ei stund, kjem lett i tankar om Framskrittet – eller Utviklinga. Gjerne dreier det seg om noko som er større, eller betre, enn tilhøva «i gamle dagar». Eitt parti kallar seg då og «Fremskrittspartiet» - sjølv om ein av og til må ha lov til å undre seg om det ikkje er «bakstrev» det arbeider for. Og når ein er utaskjers ein tur, ser ein at det vi kallar framskritt – ikkje utan vidare blir rekna på same måten der. Det var til dømes ei stor glede å gå på kino i Malaga i Spania no i jule- og nyttårshelga, og oppleve at der starta filmen direkte på den som var tillyst, utan den lange seigpininga vi må oppleve i Trondheim eller Surnadal av all slags reklame før filmen startar.

Få ting i Noreg har utløyst større energi og kreativitet dei siste 50 åra på vegner av framskrittet og utviklinga enn forslaga om mest mogleg tilgang til rusmiddel. Og her har spesielt Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre, med ungdomspartia i spissen, utmerka seg – slik dei også gjer i desse dagar. Det gjeld ei mest mogleg liberal alkoholomsetting, ikkje berre i alle slags butikkar og restaurantar, men også skjenkeløyve i kombinasjon med skolar og frisørsalongar og «velværesenter» og med minst mogleg kontroll av gjeldande regelverk. Og det gjeld liberalisering av tilgangen til cannabis, der sterke grupper i Vestre til dømes ønsker seg butikksal av cannabis, og i FrP ønsker seg offentleg godkjenning av cannabisen på festivalar, russetreff og liknande. Og det gjeld den svake interessa for å følgje opp internasjonale ønske, til dømes frå WHO, om ein tydelegare strategi for å redusere rusmiddelbruken. Mykje av dette blir gjerne oppfatta som delar av «rusreformen» - som synest å ha eit nokså mangetydig innhald alt etter kven du snakkar med, og som det i desse dagar er viktig å få KrF mest mogleg med på.

Men der Høyre, Venstre og Fremskrittspartiet gjerne er spydspissar til fordel for næringslivsinteressene og rusmiddelprodusentane og -brukarane, er det likevel andre parti som konkurrerer sterkt når det gjeld målet om auka rusmiddeltilgang. Det gjeld til dømes Senterpartiets ønske om mest mogleg fri produksjon og omsetting av alkohol rundt om på gardane. Og ikkje minst imponerande er DNAs suksess i Surnadal i 2018 med å ha fått vedtatt fylkets einaste og største bussventerom med skjenkeløyve! At realiseringa tar tid, er lett å forstå med tanke på slikt nybrottsarbeid!

Men framskrittet kjem ikkje av seg sjølv. Det veit alle vi som har levd ei tid!

Eivind Hasle

(mangeårig aktivist i edruskap og politikk)

6650 Surnadal