Klimaopprør i Senterpartiet?

" Vi har vore pådrivarar - i lag med andre – for null- og lågutslepp på ferjedrifta vår, og no på bussanboda"
Meninger

Vårt Land proklamerer at det ulmar i SP fordi mange i partiet meiner distriktspolitikken i for stor grad får trumfe klimapolitikken. KrF får kanskje snakke for seg, så får vi snakke for Senterpartiet.

I fylkespolitikken har vi etter beste evne prøvd å løfte klima- og miljøsaker, for at fylket skal ta sin del av ansvaret for å oppfylle Parisavtalen. Vi har vore pådrivarar - i lag med andre – for null- og lågutslepp på ferjedrifta vår, og no på bussanboda.  Med dei nye ferjeanboda på plass får vi ein formidabel reduksjon i CO2-utslepp. Vi har konsekvent stemt for meir satsing på fornybar energi, som bioenergi, hydrogen, solenergi, vindkraft og havenergi, og forsking og utvikling på desse områda, men vi erkjenner at det ikkje går så fort som vi skulle ønska. Vi har fremma forslag om at fylkeskommunale bygg skulle koplast på eksisterande varmeanlegg på fornybar energi, men dessverre ikkje nådd fram med det.

Vi har stemt for å sikre fiskeressursane og difor seie nei til oljeboring ved Møreblokkene. Vi vil ha eit sterkt vern av dyrka jord. Nedbygging av dyrkajord bør ikkje tillatast utan sikring av tilsvarande matproduksjonsareal. Det betyr at vi også har gått imot lokale ønske om nedbygging av dyrkajord. Framover vil vi arbeide meir for grøne lunger, rekreasjonsområde og «urban farming».

Vi har gått imot med auka oppdrettsverksemd i sjøen før ein har fått betre kontroll med sjukdom, rømming og forureining.

Vi vil redusere bruken av eingongsplast i all offentleg verksemd og få på plass betre ordningar for tømming av avfall frå fiskefartøy slik at plast og søppel ikkje blir kasta på sjøen. Utvikling av nye og nedbrytbare materialar til erstatning for plast er også mogleg. Senterpartiet seier nei til deponi for farleg avfall på Raudsand, og vi vil ha forbod mot bruk av glyfosat som sprøytemiddel i vegskråningar.

Senterpartiet vil ta vare på naturressursane, det biologiske mangfaldet og ulike naturtypar gjennom berekraftig bruk, men vi konkurrerer ikkje med MDG eller SV når det gjeld vern av natur, heller ikkje når det gjeld vern av rovdyr. Når beitebruk blir umogleg fordi rovdyra har vorte for mange, må vi ta ut skadedyr på ein mest mogleg “human” måte.

Vi må differensiere klimapolitikken slik at vi ivaretek omsynet til sosiale og geografiske skilnader. Ein viss reduksjon i drivstoffavgiftene er for at vi ikkje  skal ramme dei som ikkje har alternativ som elbil og buss. Vi har samtidig foreslått å redusere momsen på kollektivtransport med to prosent. Vi vil ha eit CO₂-fond for transport for næringslivet som bedriftene kan bruke til omstilling. Og til Gunhild Stordalen: Ja det er bra å ete meir frukt og grønt og korn og rotfrukter og litt mindre kjøtt. Det er bra å reise mindre med jetfly og generelt redusere forbruket. Og det er eit godt klimatiltak å produsere mjølk og kjøt til eiga befolkning, på meir gras og mindre kraftfôr, mindre import av soya, men meir protein frå lokale kjelder.

Kristin Sørheim, leiar for SP gruppa på fylkestinget