- SP har ansvaret for eit svekka HMR

SP har ansvaret for innføringa av økonomimodellen som forfordelte Trøndelagsfylka, og som svekka HMR sin økonomi !

Må ikkje stoppe: – Det er viktig at planlegginga av Todalsfjordprosjektet får halde fram, seier Frank Sve (Frp). 

Meninger

«SP sin Kolbjørn Almlid hadde ansvaret og gjennomførte finansieringsmodellen, som har ført til eit sterkt svekka HMR»

Når saka ang dagens finansieringsmodell vart behandla i dåverande styre i Helse midt delte styre seg i to, dei frå Møre og Romsdal, og dei frå Trøndelag.

 - Almlid fekk vilja si, og no ser vi resultatet!

I innlegg etter innlegg, framstår SP som den som står der med «store auge» og håpar på at ingen huskar tilbake til kven som faktisk hadde ansvaret for at vi er der vi er i vårt helsefylke!

Kolbjørn Almlid SP, vart sett inn som styreleiar i Helse Midt Norge, i den raud/grøne regjeringa som innførte modellen som i dag gjelder, og som alle - også SP må forholde seg til.

At SP også no skal gå heilt vekk frå det dei sjølv har vore med på å vedta ang sjukehusstrukturen her i fylket, er ikkje noko anna enn å kaste enda meir «bensin på bålet»

Dette ser vi er SP sin « medisin» i det meste av større saker her i landet for tida. Klage å syte, og sjølv berre måke på med «fantasipengar»

Vi skal behandle situasjonen i Helse Møre og Romsdal med det største alvor, og dette bør vere noko alle partia her i fylket bør ta sitt ansvar for.

«Derimot å framstå slik SP gjer i denne saka, klarar eg faktisk ikkje å sjå på lenger.»

Vist er underteikna ein «tabloid» politikar, men slik SP held på for tida overgår det meste.

«SP har dobbelt så mykje pengar som alle andre, medan den same pengepungen var «raka blakk» då dei sjølve var i regjering»

- Alt blir såre vel med SP «bak rattet», forsøker dei å lure alle til å tru.

Mange kastar seg på dette heilt utan å faktisk tenke over kva SP egentlig bedriver når dei får makta. «Men kvar gong SP kjem i regjering går lufta ut av ballongen, og dei må styre etter pipa etter AP, SV, MDG og Rødt»

Nei folkens, husk tilbake og sørg for at også SP må ta sitt ansvar for det himla styret og roter som no er i Helse Møre og Romsdal, og ikkje berre skulde på alle andre.

FrP har arbeid seriøst og skikkeleg med saka ang HMR, vore i møter med leiinga i HMR, Helse Midt og med Statsråden. Vi kjem ikkje til å fraskrive oss vårt ansvar, og vi kjem til å gjere det vi maktar for at både Aure, Mork og DPS et på Sjøholt består.

SP sin hyperpopulistiske tilnærming til denne saka, skifte meining, og opptrer som «onkel skrue» i det meste, «løyser absolutt ingen, ingen verdens ting, skapar berre enda meir spetakkel og styr her i fylket»


Mvh Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP