Bunadsgerilja – også i Surnadal

No har eg oppfatta at det kan vera nyansar i kva ein meiner om sjukehus og fødetilbud.
Meninger

Derfor finn eg grunn til å seie kvifor eg støttar og deltek i bunadsgeriljaen.
 

Bunadsgeriljaen er for meg ein kamp for, og støtte til kvinner for å gje eit godt fødetilbod, med trygg omsorg i akseptabel nærleik.
Slik vil det ikkje bli for alle hvis Helse Møre og Romsdal sitt vedtak blir iverksatt.
 

Eg har fulgt sjukehussaka dei seinare åra, og la det vera klart frå starten: Surnadal kommune har vedteke å støtte fellesjukehuset SNR. Det står ved lag.
 

Vårt vedtak gjekk og ut på å støtte at fellessjukehuset skulle verta på Storbakken i Kristiansund. Slik vart det ikkje, men fellessjukehuset SNR har likevel etter kvart fått ein viss aksept også på Nordmøre.
Det var prosessar på gang for, over tid når det nye sjukehuset stod ferdig, å slå saman dei to sjukehusa, og oppretta eit DMS i Kristiansund. Slike prosessar treng tid!
 

For mange forsvann denne aksepten med vedtaket som Helse Møre og Romsdal gjorde med å forsøkje å legge ned føden i Kristiansund frå i sommar og å legge ned Aure rehab. (Eg skriv forsøke, for dei skal ikkje få gjera det)
Eg har sett uttalelsar frå helseminister Bent Høie, som lovar at ikkje noko skulle nedlaggast eller funksjonar samanslåast i dei to sjukehusa av økonomiske årsaker. Derfor må dei no dikte opp andre årsakar.
 

Eg har tidlig i år vore på dialogmøte i Ålesund der kommunane i fylket var invitert av Helse Møre og Romsdal. Dette var eit av fleire møter om saka. Direktør Espen Remme starta møtet med å redegjera for den økonomiske situasjonen og at gjelda til helseforetaket auka meir og meir for kvar månad. Dei driv med underskot kvar einaste dag. «Vi må vera enige om at det må vi gjera noko med» sa Remme.
Her slo han fast ei enighet som overhodet ikkje var til stades i salen. Samtidig slo han fast at det var økonomiske årsakar til samanslåinga. Stikk i strid med lovnadar frå Høie, som no har gått i dekning og ikkje vil gripa inn.
 

Vi fekk etter kvart på møtet presentert den økonomiske modellen for helseforetaka. Den såkalla Magnusenmodellen.
Sjølv meiner eg at helseforetaksmodelle må endrast, og eit viktig steg i riktig retning er det Arbeiderpartiet vedtok på sitt landsmøte i april, med både å få folkevalgte tilbake til styra i helseforetaka, og at ein skulle sjå på tilpassingar for å få ei meir rettferdig fordeling. Men eit steg i riktig retning er ikkje nok, og eg vil fortsett påverka innad i eige parti når det gjeld helseforetaksmodellen.
 

Sjølv om Arbeiderpartiet var med og innførte modellen i si tid, er det heilt innafor å evaluera den no. Eg meiner derfor at vi må arbeide fram ein forbedra modell. Om ein byter ut den gamle eller endrar det som er, er ikkje viktig. Det viktige er at det blir rettferdig resultat.
 

Så litt lokalt. På 80 talet kjempa folk i Surnadal for å få bruke sjukehuset på Orkanger. Det sjukehuset er nærast oss, og også nær regionsjukehuset St.Olavs i Trondheim. Vi vann fram der, og har no avtalar med St. Olavs avdeling Orkdal, og St.Olavs Trondheim. Men som vi alle veit er det fritt sjukehusvalg, og folk frå Surnadal vel sjukehus ut ifra same kriterie som andre. Når det gjeld fødetilbud vel dei fleste St.Olav Trondheim. Det er på grunn av geografi og beliggenheit, og slett ikkje på grunn av dårleg kvalitet på føden i Kristiansund, slik helseminister Høie antyda under Debatten på TV.
Eg gjentar derfor at det ikkje er noko med kvalitet og kompetanse i Kristiansund som gjer at fødende frå Surnadal vel andre sjukehus. Etter det eg høyrer, så er det svært gode erfaringar frå fødeavdelinga i Kristiansund både på kompetanse og kvalitet. Det er geografi, fastlandsforbindelse, betre muligheiter for besøk som er avgjerande.
 

Så til sjølve årsaken til at eg støtter bunadsgeriljaen igjen:
Vedtaket i Helse Møre og Romsdal strider mot tidligere lovnader og vedtak.
Det er imot stortinget sine vedtak.
Helse Møre og Romsdal har ikkje teke inn over seg eit einaste eit av momenta vi i Nordmøre regionråd og Nordmørskommunane har kome med.


Dei avbøtande tiltaka dei kjem med er ikkje realistiske. At fødande blir tilbudt å bo på hotell i Molde ei veke før termin er horribelt. Og den kaia som ambulansebåten skal legge til når sjukehuset SNR er ferdig, den er det ikkje oppstarta med.
Og slik kunne eg plukka frå kvarandre argumenta dei la til grunn. No skal eg ikkje ta for meg ROS analysen her, bortsett frå at den slett ikkje kan brukast som argument for å legge ned i Kristiansund.
 

Derfor støttar eg bunadsgeriljaen, og oppfordrar folk til støtte opp om markeringa i Surnadal kl 17 i dag ved den nedlagte fødestua på Skei. Kom med eller utan bunad.
 

Og så vil eg avslutte med å seie at vi heller ikkje vil finne oss i reduksjon/samanslåingar av ambulansetenesta vår! Det har tidlegare lesarinnlegg omhandla.
 

Lilly Gunn Nyheim
Ordførar Surnadal kommune