DEBATT

Merkevara «Søppel-Nesset»

"Å forstå verdien i det ein har er ikkje alle forunt."
Meninger

Da planer om utbygging av vassdraga i Innerdalen og Grøvudalen kom folket der for øyre, visste dei at dei måtte kjempe. Dei danna kringvern rundt det som generasjon på generasjon føre dei hadde bygd opp og halde i hevd, og som heilt eller delvis danna næringsgrunnlaget deira.

Å forstå verdien i det ein har er ikkje alle forunt. Hadde ikkje menneska i Innerdalen og Grøvudalen forstått kva verdiar dei forvalta – hadde dei trudd på dei som sa det var larv og lite – ja, så hadde vi ikkje hatt tilgang til desse makelause områda lenger. Kultur og landskap hadde gått tapt og rekreasjonsmogelegheitene hadde blitt forringa.

Denne gongen er det vår eiga heimstø som står i fare, og lagnaden vår er (paradoksalt nok for oss nordmøringar) oppe til votering i kommunestyresalen i Nesset i dag. Vi har kjempa, protestert og klaga, for også vi veit kva vi har. Vi kjenner verdien av naturen rundt oss, og vi har eit ønske om å kunne gje dette verdfulle landskapet vidare til våre etterkomarar i god forfatning. Vi har rett på reine omgjevnader med eit næringsgrunnlag å leve av den dagen ein økonomi på oljestereoidar viser piler i ei anna retning enn vi er vane med.

Men kva kan vi vel leve av her? Jau, i dette nabolaget blir verdas beste ost til. Avl og produksjon av stamfisk og matfisk foregår i fjorden, og det reinaste vatnet i landet blir tappa på flasker rett borti høgget. Primærnæringane er velrepresenterte – vi dyrkar mat og produserer kjøt og egg, og vi har innovasjon knytt til landbruket her.

Tilgangen til den blå åkeren er umiddelbar, og slik sett er vi godt stilte, for ifølge Sandbergianske vyer skal vi klare å produsere fem gonger så mykje oppdrettsfisk i 2050 som vi gjer i dag.

Regionen vår har altså mykje bra å bygge vidare på. Men så var det altså dette håret i suppa, denne gaukungen i meisereiret, dette elementet som undergrev kredibiliteten til den merkevara vi har mogelegheita til å bygge opp.

For kva skal Nesset-baserte Eirawater seie til kundane sine dersom vedtaket som blir klubba i dag fører til etablering av eit internasjonalt deponi for farleg avfall i samme økosystem som Eirakjelda? «In search for the purest water in Norway, geologists found the Eira source», skriv selskapet med 11 tilsette på nettsidene sine. Finst det politikarar som meiner at dei gjer denne bedrifta ei teneste om dei går inn for å godkjenne denne reguleringsplana?

Kanskje meiner somme at det er mogelegheiter å gripe her; i Torhjulvågen kan dei jo spe på sortimentet sitt med ein ostetype med sjeldne tungmetall? Er det kanskje plass til ei oppstartsbedrift som tilbyr infertilitetsshakar, tappa direkte frå fangdammen? Eller eit lokalt lotteri der ein kan setje pengar på ulike utfall av endringar i DNA? Nesset, som jo har eit enormt potensiale som destniasjon, vil kanskje kunne satse på turisme av typen Chernobyl Tours? Kommunen, som tidlegare i år vart kåra til landets beste kommune å bu i, viste ivrig fram den flotte ressursbua si på TV. Vil det i framtida også vere geigerteljarar å få has på i hyllene der, eller gratis prøvetakingsutstyr for grunnvatn?

Den som i dag stemmer «aye» må ikkje komme og vifte med næringslivskortet, det fell på si eiga urimelegheit. Med mindre ein ser for seg at «Søppel-Nesset» vil vere ei god merkevare å bygge vidare på.

Ragnhild Aspås