Ein solidarisk politikk i ei krisetid

Sosial rettferd har vore viktig for SV i forhandlingane med regjeringspartia om krisepakkene. Om ikkje krisetiltaka er solidarisk innretta, kan vi få enda større ulikheit i framtida.

Erling Outzen  Foto: Ingrid Ellevset

Meninger

Mange i landet vårt kjenner seg no utrygge, og mange har tapt både arbeid og inntekt den siste tida. Folk har blitt permittert, og somme opplever søvnlause netter fordi dei ikkje klarer å sjå korleis dei skal få endane til å møtast. Reiselivsbransjen er hardast ramma, men dei siste vekene har også fysioterapeutar, frisørar, helsesekretærar og arbeidsfolk i mange andre yrke opplevd å ha mista levebrødet sitt.

Arbeidsløysa er no på 14,7%, og ho stig stadig. Vi må ta vare på folk som har mista jobben. Det er bruk for ein aktiv stat, tvert imot det marknadsliberalistar i dei borgarlege partia og næringslivsleiarar har hevda. Staten må ta i bruk dei økonomiske musklane sine for å berge bedrifter og arbeidsplassar, bruke dei midlane som er nødvendig for å halde hjula i økonomien vår i gang.

Midlane staten gir til næringslivet må sikre at arbeidsfolk får behalde jobbane sine. SV meiner derfor at bedrifter som får kontantstøtte frå staten også må få eit krav om at ingen skal bli oppsagt. Det må dessutan vere eit krav at det blir stans i utbetaling av utbytte, leiar-bonusar og leiar-løner.

Fellesskapet stiller no opp med svært store summar, og da meiner SV at også sjefane og kapitaleigarane må bidra med å avstå frå å auke inntektene sine enda meir.

Rettferdig fordeling av goda i samfunnet er alltid viktig, utjamning er alltid bra. Men aldri meir enn i ei krise. Korleis vi møter krisa vil avgjere kva slags samfunn vi kjem til å ha etterpå.

For SV er kampen for eit likheitsprega og sosialt rettferdig samfunn største grunnen til at vi finst og at vi held fram med å kjempe. Slik har det vore før, og slik er det no. Vi kallar det sosialisme.


Erling Outzen

Leiar i Sunndal SV