Debatt:

Dei eldre må takast på alvor

Lesarinnlegg.

Johs. J. Vaag. 

Meninger

Helsedirektoratet har definert eldre som særskild sårbare for koronaviruset. Risikoen for alvorleg sjukdom – i verste fall død – stig med aukande alder. Over 200 personar har hittil mista livet i landet vårt. To av tre døde var over 80 år, ni av ti var over 70 år. Gjennomsnittsalderen for døde er 84 år. I helsemessig samanheng er eldre meir omfatta av koronaviruset enn andre aldersgrupper.

Pensjonistforbundet har sendt skriv datert 29.04.2020 til alle eldreråd og eigne lag kor det går fram at forbundet forstår situasjonen slik at «kommunestyrer og fylkesting ikke involverer eldrerådene i sitt arbeid med å bekjempe viruset». Vidare heiter det i skrivet: «Det bryter med det demokratiske prinsippet om at de som blir berørt av et politisk vedtak, skal tas med på råd. Og det er i strid med forskrift om kommunale og fylkeskommunale råd for eldre § 2:

- Eldrerådene har rett til å uttale seg om alle saker som gjelder eldre.

- Kommunestyret og fylkestinget er forpliktet til å ha rutiner som sikrer at eldrerådene involveres så tidlig i sakene at deres uttalelser kan påvirke utfallet av dem.»

Pensjonistforbundet listar opp heile 7 kulepunkt som døme på kva eldreråda kan involverast/engasjere seg i. Skrivet som er underskreve av forbundsleiar og generalsekretær blir avslutta slik: «Eldre er en berørt part i bekjempelsen av koronaviruset. Derfor må eldrerådene involveres!»

25. mai skal Surnadal eldreråd ha sitt andre telefonmøte for året. På dette møtet tek ein sikte på å få oppdatert informasjon om koronasituasjonen i kommunen frå kompetent hald. Slik underskrivne kjenner situasjonen blir det frå dei tilsette på alle nivå i helse- og omsorgstenesta i kommunen gjennomgåande utført eit framifrå arbeid. Dette gjeld også dei andre tenestetilboda i kommunen. Stor takk til alle som står på i desse koronatider!

Einsemd og sosial isolasjon, både mellom bebuarar på institusjonar og dei som bur heime, kan vere ein tøff situasjon å takle for mange. Pårørande til bebuarar ved Surnadal sjukeheim kan ikkje besøke sine kjære. Kan det no lettast på desse restriksjonane? Einskilde stader blir det arrangert møter utandørs mellom pasientar ved sjukeheimar og pårørande. Kan dette vere noko å tenkje på?

Dei fleste i den generasjonen vi her talar om har opplevd førkrigstid, krigstid og etterkrigstid. Det har for mange ikkje vore noko luksusliv. Langt derifrå. Det er viktig at dei eldste i sine siste leveår får oppleve ein verdig alderdom. For å få dette til på beste måte er det viktig at valde representantar i råd for eldre blir involverte.

Johs. J. Vaag