Debatt

Fredsvåren og 8. og 9.mai 1945

Eivind Hasle svarar Dordi Skuggevik

Eivind Hasle. 

Meninger

Dordi Skuggevik meiner eg ikkje har sett at hennar innlegg ikkje dreidde seg om 8.mai – men om 9.mai 1945 (Trollheimsporten 12/5). Sjølvsagt har eg registrert det – og samtidig også at hennar innlegg kom på trykk på Trollheimsporten 9.mai. Og ettersom eg er vant til at det er lurt å bruke litt tid på innlegga sine – og kanskje til og med sove på dei før ein spreier dei, tok eg for gitt at mesteparten av innlegget hennar var produsert 8.mai. Men eg burde jo vite at ikkje alle brukar like lang tid til å tenke seg om!

På innlegget til Dordi, skjønar eg også at det er den kollektive tiltalen for medlemsskap i Nasjonal Samling som er hennar viktigaste ankepunkt mot rettsoppgjeret og grunn til at ho kvar vår høyrer «Tarzan-brølet». Og det peikte eg jo også på som eit av fleire klanderverdige sider ved rettsoppgjeret. Men det finst fleire, t.d. «bigamilova» som aksepterte at soldatar og sjøfolk som var i utlandet hadde fått lov til å gifte seg utan at ekteskapet i Noreg var oppheva, eller at norske kvinner som hadde slått seg i lag med tyske soldatar, mista statsborgarskapen sin. Også bruken av dødsstraff i rettsoppgjeret, vart jo utvida i tilknytning til oppgjeret etter krigen. Men likevel: Krigen var ein unntaksperiode, og indignasjonen mot dei som samarbeidde med okkupasjonsmakta vart etter kvart stor, og som t.d. arbeidde for å sette til sides norske demokratiske styringsprinsipp i stat og kyrkje og innføre ei nazistisk ungdomsteneste og ei skoleordning i landet vårt bygd på raseideologi og førardyrking. Ian Burumas bok: »År null» gir eit lite innblikk i korleis dei ulike landa i Europa prøvde å «rydde opp» etter krigen.

Elles føler eg ikkje noko behov for å konkurrere med Dordi Skuggevik når det gjeld universitetsutdanning, korkje i historie eller andre fag. Men eg kan vel utan vidare seie at mi utdanning i historiefaget er fullt på høgde med hennar – og vel så det.

Eivind Hasle
6650 Surnadal