Ingen kan flytte 1. mai-arrangementa

Asbjørn Tronsgård i Sunndal Høyre oppfordrar ordføraren – «som ordfører» - til å flytte markeringa på krigsgravplassen på Hol frå 1. mai til 8. mai.

Erling Outzen  Foto: Ingrid Ellevset

Meninger

Dette kan ordføraren som ordførar ikkje gjere. Arrangementet på Hol 1. mai er ikkje eit kommunalt arrangement. Det er arrangert av 1. mai-komiteen, som eit ledd i 1. mai-markeringa.

1. mai-komiteen består av styret i LO Indre Nordmøre, samt partirepresentantar valgt av partia SV og Arbeidarpartiet. Dersom Tronsgård med «flytte» meiner legge ned arrangementet på Hol 1. mai, så ber eg han sjå etter ein gong til kva demokrati er for noko.

Dersom Tronsgård går inn for eit nytt og kommunalt arrangement der 8. mai, er det ei anna sak. Men ingenting som 1. mai-komiteen ønsker å gjere 1. mai kan verken ordføraren eller Tronsgård flytte til ein annan dag.


Erling Outzen

Leiar i Sunndal SV og styremedlem i LO Indre Nordmøre