SP legg ned vidaregåande skular, og kuttar skuletilbodet til ungdommen i distrikta!

SP her i fylket stemmer for å produsere mindre kjøtt, legg ned vidaregåande skular og kuttar kraftig i både skule og ferjetilbodet her i fylket.

Frank Sve, Frp.  Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

Sikkert ikkje lett å vere SP tillitsvalgt for tida, med den politikken dykk fører i fylket.

SP gjekk til valg på å vere garantisten for vidaregåande skular her i fylket, rett etter valget la dei ned Vanylven VGS og kutta 34 mill kr i linjevalg i dei vidaregåande skulane i heile Møre og Romsdal - er du Dordi Boksas Lerum som ungdomsleiar i SP, veldig stolt av dette, eller?

Med heile 313,5 mill Kr i overskot i fylkeskommunen, blir altså dei vidaregåande skulane og ungdommen her i fylket prioritert ned, medan SP heller vil ha Opera, bypakkar og mindre kjøttproduksjon.

Når det er sagt, husker vi godt SP i praksis også sist partiet var i regjering,

- aldri, verken før eller no har det blitt lagt ned fleire gårdsbruk,

- aldri verken før eller no har meir dyrka areal blitt avhenda,

Ikkje høyrer eg for tida noko spetakkel frå landbruksnæringa, rett og slett fordi dagens regjering og FrP har prioritert landbruksnæringa og faktisk har vore bra for også denne næringa.

FrP ynskjer ei god landbruksnæringa også i Møre og Romsdal, men er direkte bekymra over SP og andre raud/grøne parti som konkurrera om «klimakur, og klimahysteri».

«Er nok klimahysteriet som er den store trusselen for både landbruksnæringa og anna næringsliv i vårt fylke og land framover»

Så håpar eg verkeleg Dordi Boksas Lerum tar seg ein alvorsprat med Kristin Sørheim og Marit Krogsæter, «og ber dei to om å slutte med å leggje ned vidaregåande skular, kutte skuletilbodet i distrikta i dei vidaregåande skulane, og slutte å kutte i ferjedrifta i distrikta»

Klarar du å snu desse to, så er du jaggu dyktig !

Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar og gruppeleiar i

Møre og Romsdal FrP