Leserinnlegg

- Sunndal sin økonomiske utfordringar ligg ikkje i at ein har investert for mykje, den ligg i at ein driv for dyrt.

Vinnu, den høgaste fossen i Europa og Asia, ligg i Sunndal og vi har ikkje ein gong lagt til rette for parkering, langt mindre anna næringsutvikling basert på denne unike delen av Sunndalsnaturen. Det er ei grov unnlatingssynd, skriv Per Steinar Husby i dette innlegget.  Foto: Tommy Fossum

Meninger

Vinnutrappa. Litt om å så for å hauste.

Eg starta på mitt fyrste kommunale verv i Sunndal formannskap i 1980.

Heilt frå då har det vore etterlyst prosjekt og personar som kunne vere eit lokomotiv for utvikling av reiseliv som næring i Sunndal. Utan at det må tolkast som kritikk til dei som har lagt mykje arbeid i sine reiselivsprosjekt i denne perioden, Vinnutrappa har eit potensiale som eg ikkje har sett maken til i desse 40-åra.

Vinnu, den høgaste fossen i Europa og Asia, ligg i Sunndal og vi har ikkje ein gong lagt til rette for parkering, langt mindre anna næringsutvikling basert på denne unike delen av Sunndalsnaturen. Det er ei grov unnlatingssynd.

Vi i Vinnutrappas Venner har naturlegvis merka oss den diskusjonen som går knytt til kommunen si eventuelle deltaking i prosjektet. Vi forstår og at dette er eit vanskeleg tema no i ei trongare tid for kommunen. Men sjølv om tidspunktet kanskje ikkje er den beste, så høyrer spørsmålet til i diskusjonen kring årsbudsjettet til kommunen.

Kommunestyret har ved tre høver dei siste åra uttale seg om prosjektet:

· Vedtak i kommunestyret 13. desember 2018:

«Etter innspill fra Arbeiderpartiet ber Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV kulturtjenesten prioritere planlegging av et vegnært utsiktspunkt ved Vinnu ifb. rasteplassen på Holsskeidet, med opprusting av stien til Vinnu.»

· Vedtak i kommunestyret 12. desember 2019:

«Tilrettelegging av området rundt Vinnu.

De senere årene har det blitt etablert en sti opp langs Vinnu, og det er nå planer om å bygge en sherpatrapp opp langs fossen. Dette prosjektet har stort potensiale som en bærekraftig attraksjon som også fremmer folkehelsa. Arbeiderpartiet, SV og MDG ber derfor Kulturtjenesten om å følge opp dette arbeidet,…..»

· Strategi for reiselivssatsing i Sunndal 2019-2022. Vedtatt 27.03.2019.

«Hovedattraksjoner. Følgende naturgitte hovedattraksjoner skal prioriteres i arbeidet med markeds- og tilretteleggingstiltak

- Innerdalen – Norges vakreste dal

- Vinnu - Europas høyeste fossefall» + fleire.

Etter det eg kan sjå så har alle desse vedtaka vore samrøystes.


Vi har og merka oss at i Sunndal Arbeiderparti sitt kommunelagsprogram for 2019 til 2023 står det m.a.;

«- Utvikle Vinnu-området og fossen som attraksjon, samt tilrettelegge en tjenlig gangsti opp til Vinnufossen.»

I dei felles politiske mål for Sp., Frp, H, V og Krf for 2019 -2023 står det:

«Vi ønsker å bygge sherpatrapp opp til Vinnu.».

Eg håper difor at desse klare politiske vedtaka/føringane no blir fylgt opp i budsjettet for 2021.

Nokre merknadar i den samanheng.

Kostnadane for denne typen arbeid er svært vanskeleg å berekne sikkert. I samarbeid med stibyggaren er første byggetrinn, opp til ca. kote 430, berekna til vel 8 mill.. Av dette søkjer vi kommunen om 1/3 – 2,7 mill. kroner. I tillegg til å vere eit svært viktig prosjekt for reiselivet i Sunndal er trappa og eit godt tiltak når det gjeld friluftsliv og folkehelse. I Sunndal er det ein årelang praksis for at ikkje-kommunale idrettsanlegg o.l. får 1/3 av investeringane dekt av kommunen. Det same ynskjer vi i Vinnutrappas Venner og blir løyvd her. Vi ynskjer difor ikkje noko særbehandling. Eg har sett at enkelte meiner at næringslivet bør delta tungt i prosjektet, ikkje berre kommunen. Det er eg einige i. I vårt budsjett for fyrste byggetrinn legg vi opp til at private sponsorar, bedrifter og folk som kjøper eigne trinn totalt skal dekke 3,4 mill.. Sunndalsamfunnet får difor ein stor attraksjon med eit avgrensa kommunalt bidrag.

Eg vil understreke at vi søkjer ikkje om midlar til drift, berre til sjølve investeringa. I følgje kommunen sitt budsjettdokument for 2021-2024 så er det berre ein kommune i Møre og Romsdal som har lågare lånegjeld per innbyggar enn Sunndal.

Sunndal sin økonomiske utfordringar ligg ikkje i at ein har investert for mykje, den ligg i at ein driv for dyrt. Investeringar som fører til inntekter og/eller som fører til reduserte driftskostnadar både kan og bør gjennomførast. I kommunedirektøren sitt forslag til investeringsbudsjett for perioden 2012-2024 ligg det inne investeringar på om lag 266 mill. kroner. Dersom ein og tek med 1. byggetrinn i Vinnutrappa så aukar investeringane med 2,7 mill. eller 1 %.

For meg som gardbrukar så er det heilt naturleg å så, gjødsle, for seinare å hauste. Det er dette denne saka handlar om. Sunndalssamfunnet må ikkje bli heil forblinda av dei økonomiske utfordringane ein har i drifta. Tvert i mot, no må ein satse for å skaffe seg framtidige inntekter som igjen kan nyttast til skule, barnehagar, kultur, helse/omsorg og nytt såkorn til seinare vekstsesongar.


Helsing

Per Steinar Husby

Leiar i styret for Vinnutrappas Venner