Leserinnlegg

Demokratiet er  ikkje sjølvsagt

Arne Drøpping. 

Meninger

Eg ønsker å dele litt av mine tankar om demokrati. Noko av det viktigaste trur eg er å erkjenne at demokratiet ikkje er sjølvsagt. Vi må velge aktivt viss vi vil halde på det. Første gongen eg tenkte slik var da eg var 16 år. Eg hadde lært på skulen at domokratiets vugge var Hellas. I 1967 opplevde eg milærkuppet i Hellas. Militærkuppet i Chile i 1973 gjorde også eit sterkt inntrykk på meg. At demokrati ikkje er lett, er det mange som har funne ut. Krigane i det tidlegare Jugoslavia på 90-talet kan vi også sjå frå vinklen om at dei ikkje klarte overgangen frå diktatur til demokrati. Ikkje så rart at overgang til demokrati også er vanskeleg for mange ferske afrikanske land. Men at USA skulle falle så djupt...

Det er viktig at vi alle er opmerksom på faresignala. LØGN og HATRETORIKK står for meg som to sterke faresignal. Hatretorikken går ut på leite etter fiendar i staden for å samle. Vi treng vel ikkje leite så mykje for å sjå at hatretorikken også har auka i norsk politikk. Eit av kjennetegna i USA er løgn og konspirasjonsteoriar. Når sanninga ikkje passar går det an å finne alternative fakta. Slik blir blir det fleire versjonar av vår eiga samtid.

Det er ikkje vanskeleg å sjå slike tendensar i sosiale media i Norge heller, sjølv om eg har vener på FB frå omtrent alle parti.

Vi treng ei oppvakning for at det er viktig å kjempe for demokratiet. Da er det i alle fall viktig at vi stemmer når vi har lov til det. Ikkje heilt tilfeldig at Kina no går høgt på banen og meiner at eitpartistaten i Kina fungerer betre enn demokratiet i USA.

Ålvundfjord 10. januar 2021.

Arne Drøpping