Kjølmoen sitt AP, og dessutan SP og Høgre her i fylket har stått bak vedtaka som no sender ferjeprisane her i fylket til himmels, i ein situasjon med nesten Norgesrekord i fylkeskommunalt overskot i drifta, blir dette aldeles greinalaust.
Dei fleste ferjesamband her i fylket får no ca. 30 % auke i ferjeprisane, og Kjølmoen og co. kuttar også ferjetilbod rundt om i fylket med ytterlegare 20 mill. Kr.
Samtidig lever fylkeskommunen «i sus og i dus» med gedigne overskot, og der AP, SP og Høgre har råda til å bruke 360 mill. Kr på Opera og bypakkar, område som ikkje er fylket sitt ansvar.
«Når andre fremmar framlegg i fylkestinget om kutt i ferjetakstane, omtalar Per Vidar Kjølmoen dette i store ordelag som useriøst»
Det som verkeleg er useriøst og eit direkte forsøk på politisk svindel, når AP og Kjølmoen, seier ein ting i media, og gjer stikk motsett i praksis som leiar av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Dei styrande partia i fylkeskommunen, SP, AP og Høgre, har stemt imot FrP sine framlegg om kutt i ferjetakstane i snart 2 år, og dei innfører Autopassdirektivet heilt unødvendig og veltar kostnadane for ferjedrifta over på bilistane.
« ærligheit i politikken, og stå for det ein gjer og ikkje berre det ein seier, er det viktigaste innbyggarane måler politikarane etter»
Og, då kan ikkje politisk svindel slik Kjølmoen driver aksepterast.
– Kjølmoen, fei for eiga dør i fylkeskommunen, og sett ned ferjeprisane tvert, fylket har både råda og økonomisk evne til dette.
Mvh
Frank Sve
Fylkesleiar, gruppeleiar og
2 kandidat til Stortingsvalget for
Møre og Romsdal FrP.