- Koronaen er aldri så gal at den ikke er godt for noe

- Koronaplager.

Eivind Hasle. 

Meninger

Det er synd på alle som i desse dagar har det vondt og lir på grunn av koronaepidemien. Trøysta må vere at enkelte av dei får rikeleg med mediedekning og medkjensle der. Sjølvsagt er det synd på ungdom som mister læreplassen dei skulle hatt, eller arbeidstakarar i bedrifter som må redusere eller kanskje stoppe opp. Og ikkje minst er det synd at små og større born og ungdomar får redusert tilboda dei skulle hatt i barnehage og på skole – eller at gamle mister kontakten med slekt og vener og ein ikkje ein gong får tatt skikkeleg avskjed med dei i gravferda. Men godt er det til gjengjeld å sjå at oljerikdommen vår synest uendeleg stor, slik at enkeltbedrifter kan få 12 millionar frå pensjonsfondet vårt i støtte, og dele ut 10 av dei til utbytte for eigarane (jf Klassekampen 2/2-21). Så raus med krisehjelp er det slett ikkje mogleg for regjeringar å vere i alle land!

Og minst like stor synd synest det vere på dei skjenkestadene for alkohol som har fått avgrensingar i skjenketidene sine – eller som er pålagt at alkohol berre skal skjenkast i tilknytning til matservering. Då er det sjølvsagt ikkje rart at ein vesentleg del av maten blir kasta! Det er jo alkoholen og alkoholomsetninga som er viktig! (jf Adresseavisen 1.febr.21). Og i Molde er politikarane så vanskelege at skjenkestader held ope og må «holde motet oppe med alkoholfrie fotballkamper»! (RB 2/2-21) Det er ikkje rart at depresjonen legg seg over byen! Ei trøyst må det då vere at når strenge koronatiltak må til, prioriterer styresmaktene våre matbutikkar, apotek og vinmonopol! Kilometerlange køar til vinmonopolutsala vitnar om krisa – og dei varer og tenester som er mest naudsynte, må sjølvsagt vektleggast mest! At dei mange vitnemåla om barnemishandling og vald i mange heimar neppe blir færre etter ei slik prioritering, må vi sjølvsagt berre akseptere i slike koronatider!

Men enda har ikkje alkoholinteressene fått slikt gjennomslag som dei fekk under spanskesjuka 1918-19, der regjeringa i samarbeid med Legeforeningen fekk vedtatt utdeling til alle husstander av konjakk som «sykebrændevin». Men det vart berre ei utdeling, trass i sterk pågang om meir. Legeforeininga fann etter kvart ut at det var vanskeleg å sjå at brennevinet hadde nokon positiv verknad på epidemien. Men enda synest ikkje alle å ha mista trua!

Eivind Hasle
6650 Surnadal