ROR styrt av Møreaksen, Orten og Dahl!

« ROR, Romsdal regionråd er eit udemokratisk ikkje folkevalgt, sjølvoppnevnte interessegruppe styrt av Møreaksen, Orten og Dahl»

Frank Sve, fylkesleiar, gruppeleiar og 2. kandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal FrP.  Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

Når ROR og Alf Reistad er ute og igjen framsnakkar Møreaksen, er dette sjølvsagt på vegner av Møreaksen as, Orten og Dahl.

Reistad har eg lite imot, og eg kjenner han som ein grei kar, som dessverre her i si rolle i ROR forfekter ei holdning imot eit stort fleirtal i befolkninga.

Møre og Romsdal si befolkning ynskjer ikkje Møreaksen, og heile 68% vil ha alt anna enn Møreaksen.

Hadde ein teke med alle kommunane i fylket i undersøkinga, hadde % mot Møreaksen vore enda større, då motstanden mot Møreaksen aukar i takt med avstand ifrå Romsdalsfjorden.

Heldigvis er det Stortingsvalget til hausten som avgjer framtida til dette greinalause prosjektet, og det er sjølvsagt på høg tid at alle partar faktisk respekterer folket sin dom.

FrP og underteikna gjev oss sjølvsagt ikkje, og vår nyvalgte leiar Sylvi Listhaug har i media tydeleg synliggjort partiet sitt sentrale standpunkt i saka,

- Møreaksen skal ikkje byggjast, Nye veier as får bygge Ålesund-Molde, bygge vegane på land fyrst og utgreie skikkeleg alle alternativ for fjordkryssing av Romsdalsfjorden,slik som Romsdalsaksen eller utvida og forsterka fortsatt ferjet.

Mvh

Frank Sve

Fylkesleiar, gruppeleiar og

2 kandidat til Stortingsvalget for

Møre og Romsdal FrP