Lesarinnlegg

Livsviktig innsats i landbruket

Dei norske bøndene står på for at alle vi andre skal ha mat på bordet. Slik held dei liv i oss. Dessverre gjer ikkje regjeringa nok for at tilstrekkeleg mange bønder skal orke å halde fram med denne livsviktige innsatsen.

Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet.   Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Meninger

Landbruksnæringa sørger for matproduksjon i heile landet vårt, noko som hindrar at landet vårt gror att. Då er det trist at vi har eit stortingsfleirtal som manglar forståing for kor viktig det er med nasjonal matberedskap. Vi i Senterpartiet meiner det trengst eit løft for landbruket som sikrar nødvendig nasjonal matproduksjon i framtida.

Regjeringa fører saman med støttehjulet Frp ein politikk som over tid gjer oss stadig meir avhengige av import. Dette vil føre til attgrodde gardar og kulturlandskap. Slikt er trist å sjå, men endå verre er det at vi på dette viset mistar verdifull dyrka mark og beitemark.

Desse areala er føresetnaden for at vi skal ha ei forsvarleg sjølvforsyning i dette kalde, våte og bratte landet vårt. Og utan god sjølvforsyning vil nordmenn svelte i krisetider der matimporten blir redusert eller borte.

Vi kan ikkje dyrke kva som helst i landet vårt, og det er svært mykje dyrka mark som ikkje eignar seg til anna enn gras. Vi menneske kan ikkje eta gras eller beite i utmark. Men kua, sauen og geita kan med sitt velutvikla fordøyingssystem gjera gras om til mjølk og kjøtt som vi kan drikke og eta.

Husdyrhaldet er såleis viktig å ta vare på. Slik held vi krattet og skogane unna og slik kan vi produsere mat til befolkninga vår også i eit land så langt i nord. Men regjeringa står ikkje opp for norsk husdyrhald i klimadebatten.

Nordmenn blir i klimaets namn bedne om å eta mindre kjøtt. Eg har teke til orde for at ein heller bør ha krattskam enn kjøttskam, om ein i det heile skal skjemmast for noko. Drøvtyggarane våre er ein del av det naturlege kretsløpet i naturen. Klimakrisa må løysast på anna vis enn å avvikle svært store delar av norsk matproduksjon.

Det er viktig å ta vare på landbruket og gjera tilhøva betre for den norske bonden. Det slitet som tidlegare generasjonar la ned, har gjort det mogleg å produsere mat her til lands no i dag. Innsatsen til dagens bønder gjer det mogleg for generasjonane som kjem etter oss å produsere mat i dette landet. Denne livsviktige innsatsen fortener meir enn regjeringa tilbyr. Vi i Senterpartiet vil vera pådrivarar for skikkelege jordbruksoppgjer både i år og dei komande åra.


Jenny Klinge

Stortingsrepresentant, Senterpartiet