Spela opp og ryke opp

Pandemien har som vi veit ført til problem for store delar av næringslivet. Det er vanskelege tider, og mange risikerer å spela opp.

Illustrasjon: Alf Ivar Bruseth 

Meninger

Eg for min del har ofte spela opp til dans, men eg har aldri spela opp økonomisk, trur eg. Det er rart, for eg er ein elendig økonom, og skal eg lesa noko som har samfunnsøkonomisk tilsnitt, får eg knute på hjernen nokså fort. Eg greier ikkje å forstå kva det vil seie for meg eller samfunnet at akskjekursane svingar hit og dit, eller kva som blir dyrare og billegare etter som krona står sterkt eller svakt. Men eg har hatt den tomastott-regelen at det må komma like mykje inn i kassa som det går ut, og det har no fungert på eit vis.