Lesarinnlegg:

Vil kutte utslepp og stoppe sentraliseringa

Birgit Oline Kjerstad, Sosialistisk Venstreparti Møre og Romsdal, 1. kandidat valg 2021.   Foto: Privat

Meninger

No trengst motkonjukturpolitikk med meir ressurser til kommuner og fylkeskommuner for å skape optimisme og arbeidsplasser i heile landet.

SV har funne nesten 10 mrd. meir til kommunen og fylkeskommunene i sitt alternative statsbudsjett. Av dette er 14% frie midler. SV har øyremerka 250 millioner til tiltak for barn og unge. Med SV sitt alternative statsbudsjett hadde mange fleire kommuner hatt handlingsrom til omstilling og nødvendige investeringer. Mange kunne vore spart usikkerheita som øydelegg trivsel og stabilitet. Det er på høg tid å bremse sentralisering, og å sikre kapital til investeringer og trivsel i distrikta. Vi vil ta tilbake politisk styring med sjukehusstruktur, få slutt på detaljstyringa og gjennomføre tillitsreform. Vi vil bygge godt fungerande lokalsamfunn med mindre energi og transportbehov i heile landet. Fylket må ha råd til kvalitet og oppdatert utstyr i fagarbeider utdanningan og vi treng ei ny retning i landbrukspolitikken. Vi vil ta opp kampen mot lausarbeidersamfunnet, og kvitte oss med bemanningsbransjen. Vi treng ein raudgrøn polititikk for både bygd å by.

SV er einaste partiet i fylket som heile tida har vore skeptisk til å prioritere så mykje midlar til motorvegar og Møreaksen. Vi har meint at å ruste opp og trygge kvardagsvegane til folk, er viktigare enn store prestisjeprosjekt. Vi vil bygge langt og trygt, ikkje kort og dyrt. Pengane kan ikkje brukast to gongar og brukar ein enorme summer på ferjefri E39 har ein ikkje midler til kvardagsvegane til folk. No må vi bygge attraktive lokalsamfunn med infrastruktur på kjernefunksjonar som arbeidsplassar, barnehage, skule helse og eldreomsorg ,over heile landet, og ikkje spare oss til fant og stimulere ei ressurskrevjande og naturøydeleggande sentralisering med stordriftsulemper der folk endar opp med å bruke halve livet i bil.

Frp fisker stemmer i både det eine og andre opprørte vatnet, men dei prioriterte brus og snus i staden for meir til kommuner og fylker i revidert statsbudsjett. Sjølv om partiet går hardt ut mot Møreaksen så er og blir partiet det viktigaste støttehjulet for regjeringa. Frp står for deregulering, privatisering og skattekutt til dei med mest. Det sikrer ikkje gode offentlege tenester og eit samfunn med små forskjeller. SV meiner det er heilt feil medisin i eit samfunn der forskjellane veks og 11, 7% av borna veks opp i lavinntektsfamilier. No bør det i staden førast ein tydelig motkonjukturpolitikk som investerer i utdanning, trygge arbeidplasser for alle, og gode lokalsamfunn der vi omstiller samfunnet bort frå fossil energi.

SV vil ha eit rettferdig grønt skifte, der vi overførere kompetanse frå oljenæringane til ny grøne satsingar. Vi treng ein ny næringspolitikk som har retning mot fornybarsamfunnet. Berre for å utnytte potensialet på solernergi trengst 45 000 nye fagarbeidarar. Tannhelsereform, Gratis SFO, auka barnetrygd og meir sosial boligpolitikk vil kome alle til gode. SV vil kutte utslepp, bygge nye arbeidsplasser og fordele godene.

Birgit Oline Kjerstad

Sosialistisk Venstreparti Møre og Romsdal

1. kandidat til stortingsvalet 2021