Lesarinnlegg:

Like gode tenester i bygd og by - kva med kompetansen og kvaliteten Klinge?

1. kandidat stortingsvalet, Møre og Romsdal Venstre, Lena Landsverk Sande.   Foto: Helle Frogner

Meninger

I innlegget «Er tenester nær folk umoderne?» hevdar Jenny Klinge at eg hyllar sentraliseringa, fordi eg støttar domstolen og politiet sine ynskje om å få ro til å samordne tenestene sine, etter innføring av domstol- og politireforma.



I distriktskommunen Vanylven har eg som lærar, som ordførar og som lokalpolitikar alltid hatt ynskje om å kjempe for dei små, dei som andre ikkje ser – både når vi snakkar om folk, kommunar og distrikt. Eg veit kva det vil seie å misse tenester, å kjempe mot sentralisering og å snakke dei minste si sak. Det viktigaste for meg å halde meg til fakta og kunnskapen som ligg føre. Eg blir difor provosert når Jenny Klinge til stadigheit seier at vi har redusert 60 tingrettar til 23. Ho seier dette for å få folk til å tru at det har blitt lagt ned 37 rettsstadar. Det er ikkje sant! Tenestene er framleis nær folket, fordi tenestene framleis er akkurat der dei var. Ja, det er nokre leiarar som har mista tittelen Sorenskrivar, men det er framleis like mange tilsette, og tenestene ligg på dei same stadane som før, både i Volda, Molde og i Kristiansund. Tvert om har vi styrka tilgangen på kompetanse, slik at folket får betre tenester der dei er, fordi dei ulike rettsstadane skal levere dei same tenestene same kvar ein bur.

Venstre ser alltid etter distriktsvenlege løysingar. Når Domstolkommisjonen sjølv foreslo å legge ned eit stort tal på tingrettar, så protesterte regjeringa, og sørga i staden for vidare satsing på tenestene ute i distrikta. Samtidig lytta vi på kommisjonen sine varslar om arbeidsvilkår, krav til fagmiljø, kvalitet og leiing. Venstre nekta å flytte kompetansearbeidsplassar frå distrikta, men sørga for meir opplæring, for å kunne levere betre tenester, og auke rettstryggleiken for alle.

Politiet si eiga evaluering av politireforma seier at dei har fått styrka fagkompetanse. Når Klinge hevdar at regjeringa ikkje har klart å få ein einaste ekstra politipatrulje på norske vegar som erstatning for nedlagte lensmannskontor, så kjem iallfall ikkje den informasjonen frå politiet. Eg vil heller bruke pengane fleire politi nær folket, enn for bygge fleire stasjonar. Først og fremst må vi lytte til kva politiet seier dei treng for å kunne hjelpe folket der dei er. Dei ber om meir tid til å få sett i verk alle tiltaka, og då er ikkje SP sin reverseringstaktikk det politiet ynskjer seg. Ja, kommunane som mista lensmannskontoret sitt treng å oppleve større nærvær. Politidirektøren seier dei vil geografiske driftseiningane i politidistriktet. Politiet ber altså ikkje om reversering, men om betre tilrettelegging for samarbeid. Dei ber om tid, men SP vil rykke tilbake til start.

Eg har aldri hevda, som Klinge seier, «at å drive tenester nær folk er umoderne». Tvert om meiner eg at tenester nær folket er moderne. Venstre vil legge til rette for at folk kan få bu der dei vil, og jobbe der dei vil, fordi vi vil sørge for breiband til alle, slik at det er mogleg å få leve det gode liv over heile landet, om ein trivst i by eller bygd.

Lena Landsverk Sande, 1. kandidat stortingsvalet, Møre og Romsdal Venstre