- Dahl undergrev all tillit til Møreaksen

Habilitet og etikk til Torgeir Dahl i Høgre.

Frank Sve Gruppeleiar Møre og Romsdal FrP  Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

Viser til avsløringane som har kome fram i media den siste tida ikring kven «Torgeir» eigentleg var som hadde vore i drøftings og diskusjonsarbeidsmøter ang. Møreaksen med Statens vegvesen, i forarbeidet deira til framlegging av NTP frå Statens vegvesen vidare til folkevalt nivå.

Det kjem no fram at det er Torgeir Dahl som har vore i desse omtalte og omdiskuterte møta med Statens vegvesen som eit ledd i deira arbeide med grunnlaget for ny NTP.

Torgeir Dahl er ordførar i Molde og fylkestingsrepresentant og dessutan medlem i samferdselsutvalet, og kan ikkje sete på, « begge sidene av bordet».

Dei som er med på arbeidet med forarbeid og utforming i lag med Statens vegvesen for grunnlaget til politisk behandling i samferdselsutvalet, fylkesutvalet, fylkestinget og seinare til Stortinget, kan ikkje vere deltakande i lag med Statens vegvesen i det administrative forarbeidet deira, for deretter vere med i folkevalt behandling.

Dette må vere brot på habilitetsregler og ikkje minst etisk retningslinjer til fylkeskommunen.

Samrøret som her har funnet stad, undergrev det politiske uavhengige system, og er med på å undergrave all tillit til Møreaksen sin prosess, prosjektet i sin heilskap og legitimitet i folkevalt behandling.

FrP krev at dette forholdet blir sett på dagsorden i fylkeskommunen sitt kontrollutval, og deretter direkte til fylkestinget når gransking er gjennomført.

Dette grunnlaget bør også sendast vidare til kontroll og konstitusjonskomiteen på Stortinget, der forholdet ikring Korleis Statens vegvesen region midt har opptredd i saka og arbeidet ikring Møreaksen, eit prosjekt der fleire titals milliardar kr av skattebetalaren sine midlar er tenkt brukt.

Folket i Møre og Romsdal er sterkt kritiske til Møreaksen, og det som har blitt avdekt ikring saka er mildt sagt alvorleg.

Mvh

Frank Sve

Gruppeleiar

Møre og Romsdal FrP