- Eg vil påstå at dei fleste av oss vart integrert nokså fort, blant anna fordi vi hevda oss bra i kjernefag som gym og slåsting

«Forb… Gjørabona!» Den slags artigheiter vart vi møtt med da vi kom ned på Sunndalsøra på ungdomsskulen i åttande klasse i 1970. Vi naut nemleg enno den luksusen å få gå dei sju første åra på Gjøra. Dette var imidlertid begynt å bli ei sak på akkurat den tida. I kullet to år før oss var det berre to ungar, så dei måtte på Øra også i sjuande. Og det gjekk vel ikkje så lenge før denne ordninga vart permanent.

Illustrasjon: ALf Ivar Bruseth 

Meninger

Det var nok eit aldri så lite sjokk for oss å komma til det tøffe miljøet på Øra. Likevel vil eg påstå at dei fleste av oss vart integrert nokså fort, blant anna fordi vi hevda oss bra i kjernefag som gym og slåsting. Heller ikkje i dei meir perifere faga som matte, norsk etc. stod vi tilbake for dei andre, snarare tvert om, sjøl om vi kom frå ein liten skule. Og dette var det skulestrukturelle sidespranget i dagens spalte.