Lesarbrev

Korfor svikte vi Vistdal?

"I Vistdal har vi eit bufellesskap som etter mitt syn godt kan drivast vidare."

VISTDAL BOFELLESSKAP.  Foto: Sigmund Tjelle

Meninger

Over heile landet legg kommunedirektørar fram forslag om å legge ned skolar og barnehagar for ungane og omsorgstilbod for eldre. Det er heilt motsett av anden i haustens valkamp der bygda og distrikta fekk lovnad om utviklingsmidla.

Er det noko pandemien har lært oss, så er det at vi må halde oppe evna til sjølvberging, og at vi kanskje ikkje treng å bu som sild i tønne. Den einaste måten å gjere dette på er å støtte opp om bygdelaga våre frå nord til sør.

Til og med i Hustadvika der Senterpartiet og SV og fleire til styrer, skal ein absolutt legge ned, til store protestar frå bygdefolket. Alle stader snakkar dei om kvalitet, og at her kan ingen bu, som i den gamle songen «For i utbygda Edvard der skal ingen mann bo».

Det merkelege er at desse stadene er dei finaste, når byfolk skal på ferie eller ha seg ei langhelg i naturen. Då heiter det livskvalitet fordi du har fortent det! Mi erfaring er at TEK 17 og alle andre kvalitetsmål ein ramsar opp, ikkje er like verdifullt som det at folk bryr seg og den fellesskapen ein klarer å lage på bygda. Eg var ein gong på besøk i Midsund kommune og fekk helse på alle på sjukeheimen der fordi ordføraren kjente dei alle som ein på namn! Det var glimt i auga, og eg fekk med argument vidare om å satse på eldreomsorg.

Bygdene har alltid fostra opp og sendt ungdommar til byane. Eg åtvarar sterkt mot å svekke denne rekrutteringsbasen for arbeidskraft og folketalsauke.


I Vistdal har vi eit bufellesskap som etter mitt syn godt kan drivast vidare.

Ordføraren viftar med TEK 17 og kvalitet på det eine etter det andre. Saken er at vi har bygd så mange omsorgsbustader i Eidsvågen at vi må legge ned i Vistdal. Kor god planlegging er det? Eg trur vi kan drive vidare billeg og bra inntil vi får oversikt over totalt behov for omsorgsplassar framover. Behovet skal gå ned ei lita ri før det verkeleg toppar seg om nokre år. Å renne til å legge ned noko som fungerer, er ikkje lurt. Og det er merkeleg at ordføraren, Molde Eiendom og kommunen plutseleg er blitt så interessert i teknisk standard i Vistdal no som dei skal legge ned.

Media, kontrollutvalet og dei fleste andre stikk av når det argumenterast med at « vi er så opptatt av kvalitet».

Her er vedtaket frå kommunestyret før jul i fjor:

«Frank Ove Sæther (AP) fremmet følgende verbalforslag:

Det avsettes midler til nødvendig oppussing av Vistdal bofellesskap i 2021. Tiltaket

finansieres innenfor rammen for Molde Eiendom KF.

APs verbalforslag ble vedtatt med 37 (AP, 3 H, 5 SP, SV, 6 FRP, MDG, 1 KRF, R) mot 22 stemmer.»

Bjørn Ølander fremma likelydande forslag under årets budsjettmøte, men det fall.

Vedtaket frå i fjor skulle vi ha fått opp i første sak på siste kommunestyremøte: «Oppfølging av politiske saker.» Kommunestyret i Molde vedtok faktisk i fjor rett før jul å pusse opp i Vistdal. Kven bryr seg? Det var jo berre eit kommunestyrevedtak med stemmer frå alle partia i Molde!

Bjørn Jacobsen kommunestyrerepresentant SV