Og no: Vêret

Vêret har vore spandabelt dei siste dagane, men det ser eg ikkje svart på, og no er det kvitt. Ein gong budde eg på ein plass der det var mangel på vêr.

Illustrasjon: Alf Ivar Bruseth 

Meninger

Ein gjennomsnittleg nordmøring får med seg ganske mykje vêr i løpet av livet. Sjølv har eg budd mest her i Øvre Myrledet, 100 meter over Stangvikfjorden, og det er høgt nok til at vi får meir snø og sol enn dei fleste i bygda.