Det er ikkje greitt!

Surnadal Legesenter.  Foto: Geir Forbregd

Meninger

Trollheimsporten 9. januar skriv Mari Vattøy ein reportasje der ho m.a. intervjuer legene i Surnadal. Eg oppmoder alle sambygdinger om å lese denne. Der går det fram at ei vellukka behandling av hjerneslag er avhengig av at behandlinga kjem i gang så raskt som mogleg; «Tapt tid er tapte hjerneceller», uttaler legene. Dei er bekymra da dei, med nokre få unntak, ikkje lenger får sende slagpasienter nordover til Trondheim, som er kortaste vegen for oss surnadalinger.

«Door to needle time» er uttrykket sjukehusa nytter om arbeidet med å korte ned tida frå pasienten passerer sjukehusdøra til behandlinga er komen i gang. Tida er så viktig at sjukehusa legg ned omfattande arbeid for å spare nokre få minutt, medan vi spøler i ein ambulanse utan firehjulstrekk i snøføyke over Nordmarka for så å bruke ein liten halvtime på å krysse Halsafjorden! Samstundes ligg ein på båra og tenkjer på at ein reiser i stikk motsatt retning av det ein skulle: -om dei no ikkje kan hjelpe i Kristiansund og vêret gjer at det ikkje er mogleg å nå fram til Trondheim i tide, da blir ein kanskje lam resten av livet! Det er ikkje greitt!

No tok reportasjen for seg slagpasienten og augeblikkeleg hjelp. Finst det andre pasientgrupper som og blir ramma? Eg kjenner til at både augeavdelinga og øyre/nase/hals i Molde har vore sommarstengt dei siste åra. Da må pasienter frå Surnadal reise til Ålesund. Vi kan ikkje velge St. Olav. Fritt sjukehusval gjeld altså ikkje ved augeblikkeleg hjelp. Eg påstår ikkje at behandlinga er dårlegare i Ålesund enn i Trondheim, men fem timer i bil med sjuke småbarn eller svake eldre er ikkje noko å trakte etter, anten du er pasient eller pårørande.

Eg las Samarbeidsavtalen med St. Olav vedlagt Mari Vattøy sin reportasje på Trollheimsporten. Tung å sette seg inn i for meg, men mange fine ord om behandlingsløp til pasienten sitt beste. Når avtalen blir uthula slik som no, er det i alle fall ikkje til det beste for pasienten frå Surnadal. Eg håper inderlig at ordføraren når fram med sine synspunkt i møte med St. Olav’s og fagråda, men er redd det kan bli tungt.

Årsaken ligg sannsynlegvis i at St. Olav’s for tida er sterkt pressa. Dei har ikkje tilstrekkeleg med ressurser. Slik blir no surnadalingene søkt skvisa ut. Den prosessen starta før pandemien tok til, og eg er redd den vil fortsette. Da risikerer vi å miste det tilbodet vi i dag tross alt har gjennom Samarbeidsavtalen. På sikt, når sjukehuset på Hjelset står ferdig og vi kan krysse Todalsfjorden utan ferje, trur eg det blir realiteten. Kanskje ryk og legevaktsamarbeidet vi i dag har med Orkdalsregionen.

Kva det nye sjukehuset på Hjelset vil gje av tilbod kjenner eg ikkje til, men eg trur mange av oss har litt for høge forventningar i så måte. I konkurranse med to store regionsjukehus, er eg redd tilbodet blir deretter, og at vi må reise til Ålesund både titt og ofte.

Eg helser både nytt sjukehus og ferjefri fjordkryssing velkomen, men prosjekta vil garantert auke presset for å få oss bort frå helsetilbodet vi i dag har i Trøndelag.

Eg er derfor ikkje i tvil: - med omsyn til helsa må vi bli trønderar!

Helsing
Bekymra surn’daling.

PS. Kanskje kommuneoverlege Buan kan orientere om kva for tilbod vi vil få ved nysjukehuset på Hjelset, eller like interessant; - i kva for tilfelle må vi reise vidare til Ålesund, og i siste instans returnere nordover igjen og vidare til Trondheim (eller blir det Bergen)?