Pendlarar og barnefamiliar får mindre ut av eiga inntekt, som om den ikkje har blitt svekka nok frå før, når avgifta er på hele 39,00 kr per passering. Denne summen kan bli så stor som 2 340kr i månaden om du bur der, eller pendlar via Hjelset.

Rike millionærar som Jonas Gahr Støre kjennar det ikkje på lommeboka når han passera ein bomstasjon. Dei som verkeleg kjennar på det, er småbarnsfamiliar som for eksempel skal køyre å hente gutungen på fotballtrening, dottera på handballtrening eller viss man berre skal eit ærend i byen. I tillegg er skulegrensa påverka, så de som bur på eine sida av bommen må køyre gjennom bommen for å kome seg på skule. Faktorane som gjer det vanskelegare for dei som har minst, aukar. Denne bommen kjem samtidig som renta er skyhøg, straumprisane er dyre igjen, matprisane er høgare en nokon gong og drivstoffprisane går ikkje ned. Konsekvensen av dette blir at du må nedprioritere barnas sosiale aktivitetar, fordi du må ha mat på bordet og varme i huset.

Dei arbeidarane som må gjennom bomstasjonen, får også svekka lønningar. Slike ekstra avgifter kan føre til jobbskifte for de som slit økonomisk, sjølv om det ønsket eller ikkje. På denne bommen er timesregelen på 30 min. Det vil sei at tur/retur til Molde vil koste deg 78,00 kr ekstra, dersom du må gjennom Hjelset. Det man kan ende opp med å betale på det meste i løpet av ein månad er på 2 340 kr, altså 60 passeringar. Dette er ein stor ekstraskatt for de som er avhengig av bilen ute på Hjelset.

I Noregs rikaste land er det bekymringsverdig at menneskjer må betale bompengar, når staten aldri har vert rikare. Løysninga er enkel: Riv ned bommen og la folke få prioritere sjølv. Dette er ei avgift som rammar skeivt. Det er dei som slit mest som blir ramma, og må nedprioritere barn, fritid eller jobbmoglegheiter for å dekke statens grådige tiltak.

Vi i FpU vil fjerne bompengane, da det er ein unødvendig skatt som rammer skeivt. Vi i Fpu vil fjerne trafikkforsikringsavgifta, slik at det blir billigare for dei som har minst og trenger bilen.

Ruben Madsen

Leder, Nordmøre og Romsdal FpU