Først: Ros til vegstaben for resolutt aksjon og rask opning av vegen mellom Bøfjorden og Settemsdalen etter raset torsdag kveld! Stenging i 4-5 timar var til å leva med - denne gongen.

Bekymra for nye ras: Ingrid Kristine Holten Sollid og skribenten konstaterer at massane sit laust i skråningane nedafor Storhøybulia. Men fint rydda. Foto: Randi Bøe

Men stadige skred på strekninga bekymrar bygdefolket. Blant dei er Ingrid Kristine Holten Sollid. Vi møttest på åstaden fredag. – No ser eg alltid veret og nedbøren an før eg kjører her, seier ho. Og sjøl om raset kom ovafrå, er ho også bekymra for sjølve vegbanen og skråninga mot elva like nedafor. – Mine eigne målingar viser at den sig!

Ustabilt

Alle innser at nedbøren gjer desse snauhogne, bratte og leirhaldige bakkane ustabile. Nokre muringar er laga, men det rasar også mellom dei - som denne gongen. Ein kryssar fingrar og håpar skreda berre kjem på nattes tid utan trafikk - ikkje når skulebuss og annan ferdsel passerer!

Kristendalen og Storhøybulia

Bygdefolket kallar forresten strekninga for «Dalavegan». Opp frå idrettsplassen og grendahuset går «Kristendalen», der det rasa ut for nokre år sia – no med to støttemurar. Sjølve vegen kviler her på muring ned mot elva.

Dei siste rasa har gått nærare Settemsdalen. Skråningane her - opp mot «Storhøybulia» - har vist seg farlege den siste tida. Tre små støttemurar dekkjer for lite.

Gammelveg og ny trasé

Fram til mellomkrigstida gjekk Gammelvegen mellom Bøfjorden og Settemsdalen frå Høgbrua på sørsida av Settemselva.

Traséen for ny veg på nordsida var debattema i 1920-åra. Eit alternativ var å bygge den frå Settem og langs lia ovafor Kristendalen. Men den kom altså der den går i dag – med dei utfordringane det medfører.

Bølivegen – ei viktig nødløysing

Men stemmer det at bygda er isolert ved ras her? Og at det ved akutte behov ikkje er anna hjelp enn helikopter og (vårt absolutt dyktige) brannkorps med hjertestartar? Nei.

Da Bøbrua kollapsa under orkanen i 1992, vart Bølivegen (Åsskardvegen) utbygd for store offentlege summar - fullgod for både buss, lastebil og annan ferdsel. Vegen ligg der framleis. Med fornuftig vedlikehald, og med avtalar som sikrar grunneigarane deira rettar, er den ei god nødløysing ved akutte transportbehov viss Dalavegan må stengast.

Slik sett er det feil å påstå at bygda er isolert og at helikopter er einaste transporten herifrå. Bølivegen er ei verdiskaping å ta vare på. Men det gjeld krisetilfelle. Vi må håpe at alt blir gjort for at hovudvegen er trygg og farbar til kvar tid.

Bernt Bøe