Kva no det betyr? Er det berre økonomisk lukke, så er det ikkje alle som tykkjer det er nok, men som ser på andre verdiar i livet.

Statsministeren sa da denne kåringa vart kjent at det er ikkje alle som er lukkelege i Norge heller, og somme har det svært vanskeleg. « Men kanskje nøkkelen til lukke er å vera tilfreds med det ein har.» Men vårt land er kanskje også godt å bu i fordi vi har fridom, til og med fridom til å klaga og gjera forandringar på det vi ikkje er tilfreds med. Og fridom til å velja. Men også vern om dei svakaste. Det er det ikkje alle land som har.

Kampen for menneskeverdet og for dei svake, ikkje minst for barnet, kjem kanskje til å bli sterkare etter kvart. Retten til liv og likeverd.

Når vi skal velja kven som skal styra landet, er det godt å sjå på kven som set desse verdiane høgt, og som kjempar for dei.  Vårt land har vore bygd på dei kristne og humanistiske verdiar. Kristeleg Folkeparti er eit politisk parti som ønskjer at desse verdiane fortsatt skal prega landet vårt, at det skal vera eit godt og trygt land å bu i, for oss som høyrer til gjennom generasjonar, og for dei som søkjer vern og hjelp frå krig og undertrykking. Ikkje berre økonomisk, men med medmenneskeleg omsorg og varme.

Det er fleire parti som ønskjer slike verdiar.

Statsminister Erna Solberg seier til dømes i debatten om skuleborns deltaking ved julegudstenestene: «Det å miste det bandet vil vere ei formidling som er eit brot med vårt historiske grunnlag.» - «Nåde er for meg personleg noko veldig vakkert, For den gjev oss høve til å bli tilgjeven og elska av Gud, trass i at vi ikkje er feilfrie som menneske.» (I samband med reformasjonsjubileet.)

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre seier: «For meg gir de kristne verdiene håp, forsoning og tro på hva mennesker kan få til sammen – fordi de vektlegger likeverd, nestekjærlighet og felles ansvar.»

KrF har ein viktig vippeposisjon ved danning av regjering og ved store avgjerd i verdispørsmål. Da er det viktig for oss å sjå kven som støttar desse verdiane.

For KrF står menneskeverd i sentrum. Røyster du KrF, så støtter du eit parti som ønskjer at menneskeverd, nestekjærleik og forvaltaransvar skal prege samfunnet.

Det betyr for KrF retten til liv, frå dei minste menneskespirer til dei svake, sjuke, gamle, med omsorg og kjærleik.  Difor går KrF imot all form for sortering av menneskeliv, tidleg ultralyd, fosterreduksjon ved fleire foster (når det ikkje står om liv, noko også helsepersonell no har sett store spøsmål ved av etiske og medisinske grunnar), aktiv dødshjelp av «unyttige» menneske.

«Vi er opptatt av at vi ikke får et samfunn der vi sorterer bort mennesker som er annerledes, og er bevisste på at noen av de valgene vi gjør kan få følgevirkninger,» seier Knut Arild Hareide.

KrF er også (sammen med Senterpartiet og Høgre ?) imot eggdonasjon eller kommersielt sal av menneskeegg og menneskehandel (m.a surrogati og prostitusjon ).

Familiepolitikken er også svært viktig for KrF som ønskjer å verna om dei sosiale godene som er opparbeidd gjennom fleire tiår, og heller auka desse stønadene som også gir familiar og foreldre fridom til å velja. Barnetrygd, kontantstøtte og fødselspermisjonar for mor og far. Kontantstøtte er billegare for samfunnet enn barnehagar. Etter kvart er det mange forskarar og barnepsykologar som tviler på at det er bra for eittåringar å vera i barnehage, kanskje lange dagar. Dei som ønskjer å ta bort kontantstøtte, snakkar som om det gjeld fire- og femåringar. Og dei skuldar på innvandrarborn som treng å læra språket, enda forskning viser at ein ved å læra morsmålet sitt først, får eit betre grunnlag for språk seinare. Vi må ikkje gjera same feil som vart gjort mot sameborn. KrF ønskjer ei fleksibel ordning der foreldra kan velja sjølv.

Vi ser det også som ein viktig del av vern om livet at vi tek vare på skaparverket, gir godt grunnlag for å dyrka jorda og ta vare på dyrkajord. Der reknar vi med at KrF og Senterpartiet vil stå saman, som i andre viktige saker.  Og vi vil gi menneske i andre land same vern om liv og rett til eit menneskeverdig liv som oss ved auka bistandsmidlar.

Det blir eit spennande val til hausten!

Einy Rendal Elgsæther - KrF