Eg ser at valgutvalget og Formannskapet i Molde innstiller på Rolf Jonas Hurlen som ny leiar av kommunedelsutvalget i Nesset. Utvalget er óg styre for Kraftfondet som kvart år deler ut om lag 9 mill til næringsliv og kulturtiltak i Nesset.

Hurlen vil som dagleg leiar og einaste tilsette i Nesset Vekst AS bli sittande på begge sider av bordet og dette minner om bukken og havresekken. Nesset Vekst AS skriv på heimesida si: «Nesset Næringsforum er lokalt hoppid.no kontor. Er du nystartet bedrift, eller lurer på å starte egen virksomhet, kan du ha rett på gratis rådgivning inntil 10 timer hos oss. …Det tilbys hjelp til å finne riktige tilskuddsordninger, samt rådgivning i søknadsprosessen for de ulike tilskuddsordninger. …Nesset Næringsforum kan bidra med hjelp i prosjektutviklingsfasen.».

Han skal gi råd, lage utviklingsplaner og finasieringsforslag som han i neste omgang skal sitte å handsame som søknader til Kraftfondet. Her vil han etter mi meining vere innhabil i kanskje 80% av sakene (alle som gjeld næringsverksemd) og det vil vere urettferdig for dei bedriftene som ikkje har fått Nesset Vekst si hjelp til å lage gode søknader.

Det andre ankepunktet mitt gjeld Hurlen si løn og drift av Nesset Vekst AS.  I utgangspunktet var det tenkt at Nesset Vekst AS skulle vere sjølvfinansierande, men slik har det ikkje blitt: Nesset Vekst søker kvart å om tilskot til løn og drift frå nettopp Kraftfondet, og har dei siste åra fått innvilga om lag 900.000,- i tilskot frå fondet kvart år.  Dette betyr at Hurlen har klar eigeninteresse av at søknadane frå Nesset Vekst skal innvilgast. Det vil óg vere risiko for at Hurlen vil vurdere innkomne søknader til Kraftfondet som mulige konkurrentar til finansiering av Nesset vekst og dermed eiga løn.

Det vil etter mi meining vere uklokt å velge Rolf Jonas Hurlen til leiar eller medlem i kommunedelsutavalget for Nesset då han etter mi meining vil vere innhabil i svært mange saker/søknader til Kraftfondet.

Bjørn Ølander