Når Jon Fosse i 2023 får tildelt Nobelprisen i litteratur, er det ei storhending ikkje berre for forfattaren, men og for norsk litteratur, norsk språk og norsk språkpolitikk. Jon Fosse har heile tida understreka at han må takke nynorsken for prisen. Det er i det nynorske skriftspråket sitt at Jon Fosse har funne orda og forma som har gjort han til ein eineståande forfattar og dramatikar.

Samtidig ser vi fort at det ikkje er dei dramatiske hendingane som kjenneteiknar Fosses språkbruk. Det er den stille og ekte språkføringa mellom menneska, med kvardagsspråket og med tomromma mellom orda og formuleringane, som kjenneteiknar Fosses språk. Det bør også vere ein inspirasjon for oss alle til å verdsette «heimespråket» og «hjartespråket», den personlege språkføringa som knytter oss direkte til heimemiljøet vårt og talar direkte til kvar enkelt av oss.

Målrørsla i Noreg har i tilknytning til prisutdelinga merka aukande interesse både for forfattarskapen til Jon Fosse og for målrørsla. Heimbygdlaget i Surnadal vonar at Nobelprisen vil inspirere enda fleire til større medvit om språkbruken sin og om kvar dei høyrer heime i den nasjonale språkpolitikken.

For Surnadal Heimbygdlag, Eivind Hasle