Annett Ranes er den beste ordførarkandidaten som stiller til val i Surnadal i haust. Med solid erfaring frå lokalpolitikk og organisasjonsarbeid, og med personlege eigenskapar som løftar rolla, vil ho bli eit godt ombod for alle innbyggarane våre.

Annett Ranes er Arbeiderpartiets ordførarkandidat i Surnadal. Foto: Roald Boge

Annett er ryddig og profesjonell, imøtekommande og inkluderande, og ho har imponerande forståing for politisk prosess og etterleving. Ho har ei sterk og uredd stemme og oppnår resultat i sakene ho fremmar. For oss som høyrer til gruppa hennar er ho trygg å støtte seg på, slik ho alltid møter godt førebudd og med rik kunnskap om temaa vi arbeider med. Legg til stor arbeidskapasitet og evne til å snakke godt med alle menneske, så har du det beste ordføraremnet du kan tenkje deg.

Vil du ha ein trygg, kunnskapsrik og inkluderande ordførar? Stem på Arbeiderpartiet og Annett Ranes!

Godt val!

Jorid Aarvåg

Listekandidat og kommunestyremedlem for Surnadal Arbeiderparti