Surnadal SV seier i hovudsak nei til nedbygging av dyrkajord.

Vi vil ta vare på naturmangfoldet bl.a. ved å stramme inn på dispensasjonar for motorferdsel i utmark og ved å bevare  urørt natur.

Surnadal SV vil dere restriktive ved etablering av energikrevjande industri.

Vi vil arbeide for å styrke kollektivtilbudet med hyppigere ferjeavganger, og gode og fleksible busstilbud.

Surnadal SV vil arbeide for gode vegar med reparasjon av asfalt på både kommunale og fylkeskommunale vegar, og gulstripebreidde der dette er mogleg. Vi vil også ta opp tatt tankane om gang- og sykkelvegar frå tidlegare program.

Når det gjeld Todalsfjordsprosjektet, vil vi arbeide for bru mellom Svinvika og Rakaneset og tunnel til Ålvundfossen, slik det er vedtatt i kommunedelplanar i Sunndal og Surnadal i 2020.

Ny veg i ein øvre trase forbi Nordvik, er særdeles viktig, både for nordvikgardingane og for folk og industri i Todalen. Vi har også tru på at dette vi auke turismen for Svinvika og inn i Trollheimen.

Surnadal SV vil arbeide for tettstadutvikling med menneske og natur i sentrum, ved å ta vare på kvalitetene vi har i Surnadal, og med tydelege grenser for fortetting og byggjehøgder. Her er sentrumsplanen viktig.

Surnadal SV