Underteikna vil presisere at alt Erling Rød (ER) skriv om meg og mine meiningar i avisa Aura og Driva, slett ikkje stemmer. Eg vil verken utrydde reinen eller jage bort hytteeigarane på Aursjøen og i Torbudalen. Heller ikkje har eg vore medlem av Snøhetta Villreinutval.

ER skriv m.a.

- «I Driva les eg at Toril Melheim Strand som er mangeårig medlem av fjellstyret i Målle, villreinutvalet og tidlegare villreinnemda, ville fortsetje utryddinga på vestområdet med ein kvote på 40 dyr der

Det stemmer at eg har vore medlem av Nesset Fjellstyre og no Eresfjord- og Vistdal fjellstyre (EVF). Den siste perioden sat eg i Villreinnemnda for Snøhetta og Knutshø. Eg har aldri vore medlem av Snøhetta Villreinutval slik ER skriv.

Så står det at eg ville «fortsette utryddinga med ein kvote på 40 dyr på Vestområdet». Det er slett ikkje snakk om noko utrydding. Alle som var på det årsmøte er nok villreinen sine beste vener. Vi hadde gode innlegg m.a. frå forskar i NINA, som presiserte at eit lite uttak av bukk, for å få inn CWD-prøvar, parasittprøvar og kalvevekter til kvalitetsnormen, ikkje ville hindre gjenoppbygginga av stammen. EVF hadde før årsmøtet sendt inn forslag til styret om at vi ønska freding av simlene, og auka gebyr til jegrar som skyt simle på kalvekort. Som ER skriv var det delt innstilling til årsmøtet, ein kvote på 50 dyr eller freding. Deretter fekk mange epost frå ER med sterk oppfordring om å frede, begrunna m.a. med for lite kalkulert til naturleg tap. EVF fremma på årsmøtet forslaget om å ta bort endå 10 dyr frå den vesleforskningskvoten. Vi er heilt avhengige av eit godt datagrunnlag for å kunne drive kunnskapsbasert forvaltning av villreinstammen framover.

ER skriv vidare: Eg les og; «Hun mener det er et voldsomt press på sosiale medier mot forvalterne av villreinstammen». Eg tolkar uttalen som at vi som bryr oss reinen, mangfaldet og fjellet heile året, skal halde oss unna og halde kjeft.

Det stemmer ikkje, det er heilt supert at folk engasjerer seg positivt for villreinen, men når det kjem usakelege personangrep er det mange som tek det innover seg. Det var det også andre enn meg som ytra på møtet. Når du får høyre m.a. at du utryddar villrein i Snøhetta, skal du vere ganske hardhuda for likevel å ta eit kunnskapsbasert valg.

ER tek også opp gamle saker på denne måten: «For vel ti år sia ville politikarane i Nesset med Toril Melheim Strand i spissen lage skiheis opp Finnsetlia og til toppane innafor. Dei ville og lage sykkelveg frå Torbuhalsen til Naustvika. Det vart heldigvis stoppa. No vil ho ha oss som har hytter ved Aursjøen og i Torbudalen, bort.»

1 – Skiheis i Finsetlia – var ei aktuell sak for 15-20 år sidan. Eg støtta saka den gongen, til likes med mange som var bekymra for avfolking av bygda. Men å seie at eg gjekk i spissen blir feil.

2 – Sykkelveg frå Torbuhalsen til Naustvika – Ja, det undrar meg fortsatt kvifor ER hadde så mykje imot det. Det var eit forsøk på randsoneforvaltning. Altså utbetre den eksisterande turiststien på nokre punkt, slik at dei som vil sykle (ikkje motorisert sykling), kunne gjere det der, langs Aursjøen under to kraftige høgspentlinjer, istaden for inne i reinen sitt kjerneområde. Då kunne ein t.d. sykle Dombås – Dalsidevegen – langs Aursjøen – Aursjøvegen til Sunndal, altså langs den grensa som no deler Snøhettastammen i Aust og Vest. Dette er vel også ein mykje brukt snøskutertrase for å frakte påsketuristane inn til hyttene sine?

3. – Ha bort dei som har hytter ved Aursjøen og Torbudalen = VRØVL!

Å tillegge personar meiningar dei ikkje har, er lite sakeleg. Eg veit ikkje kvifor ER skriv dette, men antek at det har med alle dei forslaga som vart sendt inn til departementet som aktuelle tiltak for å betre villreinen sine levekår.

Eg håpar at alle som vil vere med å berge villreinstammen vil bidra til det, også hytteeigarane. Kanskje må vi tole at hytta vår ikkje blir tilgjengeleg når simlene er på det mest sårbare i kalvingstida.

Eresfjord den 16.04.24

Toril Melheim Strand