For 12 år sia skreiv eg i avisene om korleis Aura-verka og tilhøyrande område kunne lage 1 TWh meir straum årleg. Dette er like aktuelt i dag.

Aura kraftanlegg ligg ideelt til nede ved sjøen, slik at det ikkje skapar vanskar med «effektkøyring». Effektkøyring er å slå på og av aggregata etter som behovet varierar. På den måten blir alt som blir laga, godt betalt. Dagens installasjonar er for små og vassvegeane er for tronge, til at det let seg gjere i stort omfang.

Frå Osvassmagasinet går vatnet først til eit lite kraftverk, Osbu, før det renn vidare i open tunnel fram til fjellet over Sjølseng, der det går trykkrør ned til verket på Sjølseng.

Vatnet frå Reinsvatnet renn i elv med eit fall på 100 m før det går inn i tunnelen.

Samla er det store falltap i vassvegane frå Osvassmagasinet og Reinsvatnet til verket på Sjølseng. Ved å bygge nye vassvegar med trykk frå magasinet til turbinen, kan mykje meir straum hentast.

Sør for Aursjøen renn elvene Jora og Grøna, sørover til Lågen, og er somme tider med på flaumen der.

Jora, frå Skamsdalen, kan lett takast inn i Aursjømagasinet med ein enkel tunnel. Kor mykje av vatnet som skal renne sørover eller nordover, kan styrast med luker.

Dei siste 20 åra er det bygd mange små elvekraftverk i her omkring. Kraftverka er bygde i dalane. Det er ikkje noko i vegen for å gjere det samme oppe på fjellet. Det er mange elver som kan leggjast i tunnelar ned til magasina, der verka kan stå. Litt spetakkel med reinsfolka blir det, men elvekraftverk i tunnel eller borra hol, er usynlege og treng minimalt med tilsyn. I dag er det kamera, målarar og fjernkontroll som gjeld. Reinen vil ikkje merke slikt.

Langs Eikesdalsvatnet og i Eikesdalen vart grensene for landskapsverneområda dessverre lagt heilt ned til vasskanten. Her var det tenkt 4 småkraftverk som i dag dessverre ikke er mogeleg å byggje. På Gjøra blir det i dag bygd eit usynleg verk med stasjon i fjell og borra vassveg.

(I Øksendalen fekk Nils Sæter, smartingen, lagt vernegrensene oppe i skogbandet til snaufjellet. Øksendalingane og grendingane har bygd kraftverk).

Årsproduksjonen i eit vasskraftverk er bestemt av nedbør, areal, fallhøgde, utnyttingsgrad og verknadsgrad.

Her listar eg opp dei aktuelle kraftverka og tiltaka som bør byggjast, og vil auke årsproduksjonen med 1 TWh:

  • Ny stasjon på Sjølseng med mykje større effekt enn i dag

  • Ny trykktunnel frå Osvassmagasinet til Sjølseng

  • Reinsvasselva til nytunnelen og tapet minskes frå 100 m til 50 m

  • Osbu kraftverk blir lagt ned. Vatnet fra Vakkerdalen og Sutåbotnen til nytunnelen

  • Skarvedalselva og Raudbergselva går i tunnel til kraftverk ved Osvassdammen

  • Høvla som i dag renn fritt i tunnelar til Aursjøen, går innom  kraftverk i Gravdalen

  • Kjøtåna i Eikesdalen i borra tunnel og stasjon i fjell

  • Vikeelva ved Eikesdal i borra tunnel, med stasjon i fjell

  • Ljøsåna i borra tunnel, med stasjon i fjell

  • Rønndøla ved Eikesdalsvatnet i borra tunnel, med stasjon i fjell

  • Skjellbreielva i tunnel til kraftverk i fjell ved Aursjøen

  • Sørhellåa i tunnel til kraftverk i fjell ved Gautsjøen (Aursjømagasinet)

  • Vangsåa i tunnel til kraftverk i fjell ved Gautsjøen

  • Jora blir lagt i tunnel frå Skamsdalen til Gautsjøen

Tiltaka som er lista her vil samla gje omlag 1 TWh som er 1 milliard kWh, årleg.

Utbyggingskostnaden vil bli 5-7 milliardar kroner. Vernereglane i området må endrast eller fråvikast. Elvene og bekkane ved elvekraftverker aldri tørre, då det er krav til minstevassføring.

I FrP meinar vi at vasskraftverka våre bør utvidast, gjerast betre, og det bør byggjast fleire før vi sløser bort pengane og krafta på vindkraft og landstraum til anlegga utaskjærs.

Vi meinar og at vasskrafta vår skal nyttast innanlands og ikkje seljast utanland til dei som legg ned atomkrafta si.

Vi meinar og at atomkraftverk bør byggjast her til lands.

Av Erling Rød, Tidlegare kommunestyremedlem FrP