For å hindre utryddinga av snøhettareinen foreslår eg;

* Reinsjakta blir stoppa i 5 år.

* Når det blir opna for jakt att, må det jaktast slik at rein som vil nytte heile området, får overleve.

* Beita blir kartlagt.

* Kalvetapet blir kartlagt.

*Rovdyrtapet blir rekna rett.

* Teljande areal blir rekna rett.

Fjelltoppar og områder som mellom anna Romsdalshorn, Venjetind, Juratind, Hoemstind, Bjørktind, Fløtatind, Litjskjorta, Hjellbønebba, Litjkalken og Hælfjellet blir teke ut. Folk flest og fjellbrukarane sin medverknad i fjellstyra må styrkast slik dei private grunneigarane ikkje har full styring i almenningane og.

Historie

Då eg begynte å jakte i 1975 etter at det hadde vore totalfreding i fleira år, var det og semleflokkar i nordveste del av området. I dag er det berre einskilde bukkar å sjå i Skarvdalen, Håkkodalen og Skjelbreidalen. Eg har ei bu som vart bygd i 1976, ved Aursjødammen. Alle påsker sia 1975, minus 2, har vi vore der. Vi har nytta heile området til alle årstider og er svært godt kjent. Vi har jakta, fiska og gått turar, men ikkje skremt reinen.

I 2002 vart det laga nasjonalpark, landskaps- og biotopverneområder for at reinen skulle ha det bra. Det har vorte verre for reinen og etter mislukkeforvalting er han no snart rydda ut.

Styring

Reinsjakta har vore styrt av andre enn dei som styrer nasjonalparken. Forvaltarane på Hjerkinn har vore mest opptekne av å setje opp skilt og å handsame søknadar om hytteombygging. «Vegen stoppar her» og grenseskilt har komme opp alle stadar, sjøl om karta er gode. Jakta som er den viktigaste påverkaren av reinsstammen, er styrt av villreinutvalet og -nemda. For villreinutvalet, som består av grunneigarane, fjellstyra og dei private, har pengeønsket vore styrande. Dei har seld kort på rein som ikkje finns, og på område der det ikkje er rein. Sjøl om bestanden no under det halve av det planen seier, vart det ikkje freding i år heller. På vestområdet vart det i vår rekna berre 317 dyr, men jaktast skal det.

Rovdyr

Til grunn for forvaltingsplana er det lagt eit rovdyrtap på 3%. Det er for lavt. I Trollheimen der det er tamrein, blir 12% mat for rovdyra. https://www.rovbase.no/erstatning/rein

Rein er, saman med gnagarar, maten til rovdyra i området. Når reinsstammen blir mindre, aukar den delen som går til rovdyr. Etter kvart som det blir mindre mat, vil og rovdyrstammen som ikkje kan flytte, minke. Kongeørnen og havørnen likar reinskjøt, spesielt frå reinskalvar. Havørn er no vanleg i fjellet. Han blir gammal, 25-30 år, og forstår at i mai er det lettfanga reinskalvar å få. Turen frå fjordane og kysten til fjells, gjer dei unna på ein dag. Då det gjekk med mykje rein i Svarthøa for 17 år sia, samla det seg store flokkar med ørn.

https://villrein.no/svarthskredet

Mange av ørnane som var der, lever truleg den dag i dag. I fjor 2022 vaks det på vestområdet opp få reinskalvar.

Utkomme

Reinen er mager er det skreve. Ved å sjå på kartet som viser kor reinen blir skoten, forstår ein kvifor. Reinen som skulle ha vore i den ytre delen av området om sommaren og ete seg feit, går heile året i dei indre vinterbeiteområda. Her er det tørt og skrinnare beite. Her er det og mange turistar. Årsaken til at trekkinga utover om våren har komme bort, er ett mitt syn jakta og stammestorleiken. Rein som går i store flokkar, har større sjanse overleve jakta enn dei som går i småflokkar. Ein liten flokk blir lett blir halvert etter ei «vellukka» jakt. Eg er sikker på at reinen på mange måtar ter seg som sauen. Han går der leiaren går og der han gjekk med mor si. Saubrukarane som held styring på flokken sin, slaktar dei dyra som ikkje beiter der dei skal. Dyr som kjem heim att til gards tidleg på sommaren, får heller ikkje eit langt liv. Reinen har det omvendt. Den som trekkje utover og går i småflokkar, blir skoten. Den som går i storflokkar rundt Snøhetta, blir mager, men overlever sjøl om han blir forstyrra av både moskusar og turistar. Vi har avla fram rein med dårlege vanar. Kor gode beita er veit ingen. Dei er ikkje kartlagt sia 2006.

Trekkvegar

Det blir prata og skreve mykje om trekkvegar som forsvinn, på grunn av menneskeleg aktivitet og anlegg. Reinen er slik som andre dyr det blir jakta på, lite redd for det som går med motor. Han er mest redd for oss som går med noko som ser ut som skytevåpen eller syklar. Reinen er heller ikkje redd for kraftleidningar då han gjerne rastar under dei. Anlegg og anleggsarbeid er ufarleg. Då Aursjødammen vart rehabilitert i 2006, gjekk reinen rundt i området som vanleg utan å bli skremd. Reinen som kan svømme og gå is, kvier seg ikkje for å krysse vatn og sjøar dersom han vil. Årsaken til at trekkvegane «forvinn» er at det er lite rein og at dei som skulle ha trekt, er skotne.

Fjellbruk

Den siste tida er det oppdaga at reinen blir utrydda. Av folk som blir forstyrra i jakta og av dei som mister inntekt, har det komme krav om at moskusen og folk flest bør vekk. Dei gløymer at moskusen ikkje et rein og folk flest ikkje drep rein. Det har og komme mange svært kostbare og unyttige tulleforslag frå folk som bør vite betre. Bygging av molo over Gautsjøosen, legging av høgspentleidningar i jord og fjell samt bygging av tunnel er krav. Fjellområda våre er til stor glede for mange, og spesielle interesser bør ikkje øydeleggja dette.

Sunndalsøra, 29. mai 2023

Erling Rød