Dei eldre er dårleg representert i folkevalde organ

Dei eldre er gjennomgåande dårleg representert i folkevalde organ. Dette faktum kan klårt dokumenterast.

Dei eldre bør i utgangspunktet vere representert i folkevalde organ som kommunestyre og fylkesting i samsvar med den tyngde dei utgjer av veljarbefolkninga. Men, er det slik? Nei! Det er langt i frå det. Statistikken syner at det er over 700.000 personar som er 67 år eller eldre i Norge i dag. Desse utgjer om lag 14 prosent av befolkninga og 18 prosent av dei røysteføre (alle over 18 år). Likevel utgjorde denne aldersgruppa under 6 prosent av alle kommunestyrerepresentantar og 5 prosent av alle fylkestingsrepresentantar ved fylkes- og kommunevalet i 2011. Dersom eldre over 67 år skal få ein forholdsmessig representasjon i kommunestyre og fylkesting, må talet på representantar mest tredoblast. Kva kan gjerast for å rette opp denne situasjonen? For det første må dei eldre vere villige til å stå som listekandidatar. For det andre må dei ymse partia ha eit ønskje om å ha slike kandidatar på listene. For det tredje må veljarane stemme på dei eldre. Det at vi har fått eit pensjonistparti fortel vel sitt om stoda.

Veteranen Kåre Ellingsgård sa det slik i eit foredrag på ein fylkeseldrekonferanse i 2010: ”Skal de eldre kandidatene bli valgt, kan det neppe regnes med mange tilleggsstemmer fra den yngre delen av velgerne. Det er i første rekke den eldre del av velgerne som kan sikre eldrerepresentasjonen i de demokratiske styringsorganene. Med adgangen til å gi slengstemmer til eldre i andre partier, er det de eldre selv som avgjør om eldrekandidater blir valgt”. Det Ellingsgård her sa i 2010, vil eg tru er like aktuelt i 2015.

Det må sjåast på som ein fordel at dei folkevalde organa er breitt samansett og representerer alle grupper og alderssteg i befolkninga.

Det er god grunn til å tru at dei eldre sine interesser blir betre varetekne om dei eldre får auka oppslutning i dei folkevalda organa.

Johs. J. Vaag

Tillitsvald i dei eldre sine råd og organisasjonar