Den 11.september er det kommuneval i Sunndal og da får du høve til å bestemme kven som skal styre kommunen dei neste 4 åra. Val er sjølve kjernen i demokratiet.

Kommunevalet handlar i hovudsak om barnehage, grunnskule, fritids-idretts - kulturstøtte og helse og omsorg. Kommunebudsjettet blir i hovudsak bruka til dette.

Senterpartiet har ein god distriktspolitikk og vil arbeide for eit framtidsretta Sunndalssamfunn for alle. Vi ønskjer at Sunndal skal vera ein attraktiv stad å bu og arbeida i.

Sunndal Sp vil ha barnehagar og skular på høgt nasjonalt nivå. Vi vil oppretthalde dagens barnehage og skulestruktur. Vi vil arbeide for ei god eldreomsorg og gode ordningar for tekniske tenester. Vi vil ha ei offensiv tilnærming til næringsutvikling.

Dette krever rasjonell drift, god økonomistyring og ei hensiktsmessig oppbygging av administrasjon og styringssystem.

Norsk mat er beredskap. Det er kommunen som passar på matjorda vår. Kun 3% av arealet i Noreg er dyrkbar jord. Vi har ikkje råd til å byggje ned matjorda vår og vi vil ha eit  sterkt fokus på jordvern og beredskap

Sunndal Sp vil føre ein trygg og ansvarleg politikk med nære tenester, levande lokaldemokrati og ein klimasmart kommune.

Hugs også at det er fylkestingval.

Stem Senterpartiet og godt val !

Jørgen Singsdal

1.kandidat Sunndal Senterparti