Både krigen i Ukraina og krigen i Midtausten viser oss i dag at krig ikkje er nokon farbar veg til framtida.

Begge krigane har ei forhistorie full av forsømte moglegheiter til forhandlingar og politiske løysingar. Og begge krigane fortel om enorme menneskelege, økonomiske og miljømessige kostnader – der hundretusentals uskuldige barn og vaksne menneske no blir drepne eller har fått og får liva sine øydelagt.

Brutalismen viser seg i massive krenkingar både av menneskeverdet og av det som finst av krigens lover, og der terror, fordriving, utsvelting og utfrysing synest å vere tatt i bruk.

Etter kvart som posisjonane i krigane har låst seg fast, blir også språkbruken om motparten meir inhuman, og det blir stadig vanskelegare å komme i posisjon til våpenkvile og reelle drøftingar om framtida.

Løysinga er ikkje stadig fleire, sterkare og meir øydeleggande våpen, men meir målretta og heilhjarta satsing på våpenkvile, humanitær hjelp og diplomati. Konfliktene må løysast politisk, med reell vilje til å forstå dei ulike partane sine standpunkt, og med ønske om løysingar som kan stå seg inn i framtida.

Og på ein klode der det blir stadig viktigare med rettferdig og berekraftig fordeling av ressursar og makt, blir det og viktig at den internasjonale rettsordenen m.a. gjennom FN blir halde oppe og styrkt, framfor stadig sterkare oppdeling av kloden innanfor ulike militæralliansar.

Surnadal SV