Det er kulturavdelinga i fylkeskommunen som har teke initiativet til å få på bordet ei samfunnsøkonomisk analyse av ulike kulturverksemder i fylket. Dette med bakgrunn i tal og informasjon frå mellom anna KKKK-festivalen, Operaen i Kristiansund og dei fire historiske spela; Herøyspelet, Giskespelet, Lady Arbuthnott og Gurispelet på Smøla. Sist fredag var fleire kulturaktørar samla til oppstartsmøte i Molde. Det er analysefirmaet Samfunnsøkonomisk analyse som skal gjennomføre prosjektet. Fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog skriv i ei pressemelding at prosjektet er tenkt å vere ein pilot. Dersom metoden fungerer godt skal den brukast på andre kulturarrangement eller kulturaktørar i fylket.

I arbeidet skal analysefirmaet sjå på kor dei besøkande kjem frå, om dei har overnatta på staden og om dei kjem berre for å besøke det spesielle kulturarrangementet. Det skal også sjekkast om dei har lagt igjen pengar i butikkane.

Det skal bli interessant å sjå svara på desse spørsmåla. Ein treng ikkje å engasjere eit analysefirma for å få fortalt at ringverknadene av kulturarrangement er store. Det er innlysande. Men å få vite

meir eksakt kor store, vil vere nyttig for mange.

Juni er den store festivalmånaden i distriktet vårt. Onsdag kveld opnar Ørafesten i Sunndal med premiere på musikkspelet om Lady Arbuthnott som blir sett opp for 23. gong. Spelet er dermed eit av dei eldste her i landet. Det er mektig imponerande å fylle Hovshall gjennom så mange forestillingar i så mange år. JazzåTeatret har vore – og er ein enorm ressurs for sunndalssamfunnet. Det skal godt gjerast for komande generasjonar å følge opp den innsatsen og det resultatet som dagens eldsjeler i JazzåTeatret har levert gjennom ein mannsalder.

Neste helg er det også klart for Norsk Laksefestival i Surnadal. Nok eit arrangement som er viktig for bygda. Dei mange som besøker Surnadal i helga legg igjen pengar som er med på å utvikle bygda vidare.

Juni byr på ei rekke andre kulturarrangement rundt om i distriktet vårt. Det er sjølvsagt vanskeleg å anslå kor store dei økonomiske og samfunnsmessige effektane kulturarrangement er, men kanskje kan vi få ein del svar når resultatet av analysearbeidet er klart til hausten. Eg trur mange vil bli positivt overraska.

God helg!