Todalen Sanitetsforening inviterte tysdag til lunch for godt vaksne i sanitetshuset i Todalen. Stor takk for eit flott arrangement, der underteikna nok kanskje var den yngste, og i så måte kanskje hadde mest å lære.

Slike tiltak blir sett stor pris på. Det fremmer samhald og bulyst, meir enn kanskje mange forstår. Foreninga er verkelege ein viktig brikke i bygda. Dei har eiga beredskapsgruppe, som er eit nyttig supplement til det offentlege beredskapsarbeidet.

Eg hugsar korleis dei stillte opp da husa brann oppi Taløyan. Dei arrangerer Kløverturer og dei er mede på prosjektet « Inn på tunet». Dei lagar fastelavensris kor slaget går til kvinnehelseforskning. Slike ildsjeler er det viktig å støtte opp om.

Av Kjell Gunnar Polden