Skolevegen og Hagavegen skal bli ein meter smalare og fortauet på eine sida skal bli 1 meter breiare. Det skal og bli fotgjengarovergangar og parkeringsforbud i dei nye smalare vegane.

Eg eig og bur i Hagavegen 7. Det blir smalare veg, breiare fortau, parkeringsforbod og ein fotgjengarovergang inn til tomta vår. Eg har gjeve ein skriftleg kommentar til plana. Då saka kom til kommunestyret ville eg ha habiliteten min vurdert. Kommunestyret fann som rett er, at eg var inhabil.

Maja Solli som og er kommunestyremedlem, eig og bur i Hagavegen 11. Solli festar tomta og rår ho som om det er sjøleige. Her blir det smalare veg, breiare fortau, parkeringsforbod og ein fotgjengarovergang som hos oss. Solli har og gjeve skriftleg kommentar til plana.

Då habilitet vår vart drøfta spratt representanten Andreassen tidlegare FrP-ar og no Ap-ar, opp og meinte det var klårt at Solli var habil. Han vart kjend habil då reguleringsplana for den nye barnehagen vart vedteken, sjøl om huset hans låg inne i reguleringsområdet. Grunngjevinga var at det var ein del av eit burettslag. Andreassen sa ikkje eit ord om at han er nestleiar i Sunnbo. Representanten Tronsgård som åtte nabotomta, vart som rett er kjend inhabil.

Maja Solli som og er styreleiar i Presthagen vel og har gjeve skriftleg kommentar på foreninga sine vegne, vart kjend habil.

Om ein er part i saka eller ikkje, avgjer habiliteten.

Det er forskjell på folk, men eg undrast om kommunestyret vinglar eller styrer.

Ordførar Refstie som har hus inn til den nyregulerte Skolevegen, sa ikkje noko om det.

Erling Rød,

Kommunestyrerepresentant FrP