Berre 1 av 6 er kar, kom det fram då kommunestyret i Sunndal 3.mai handsama årsberetninga og årsrekneskapen i sak 22/23. Kommunelova har i §14-7 eit krav om at det skal rapporterast kva tiltak som er iverksett og kva som er planlagt på likestillingsområdet.

Likestillings- og diskrimineringslova har i §24 krav om offentlege styresmakter sin aktivitets- og utgreiingsplikt. Det skal arbeidast aktivt, målretta og planmessig. Resultata skal utgreiast og det skal forteljast kva ein kan rekne med framover. «Kommunen har ingen særskilt plan for likestilling knyttet til kjønn, etnisitet og funksjonsevne», skriv kommunedirektøren.

Vi hadde følgjande oversendingsforslag; «Kommunestyret ber om at det i neste årsplan blir laga ei plan for likestilling knytt til kjønn, etnisitet og funksjonsevne.» Forslaget fall med med 9 stemmer for (2 FrP, 1 V, 1 KrF, 2 SP: Halkjelsvik, Reiten, 3 AP: Gundersen, Sæterbø, Kvam Furre) og 18 stemmer imot. Grunngjevinga for forslaget var at kara-delen i kommunen går nedover, og er berre 17%. Ein av 6 er kar.

Vi meinar det er best med ei god blanding av kar- og kvinnfolk. Ved val til folkevalde organ og styre i offentlege selskap er det lovfesta minst 40% av kvart kjønn. Det går heller ikkje fram av årsberetninga kor det er mest ulikestillinga. For å få forbetring, må ein vite kor skoen trykkje.

Erling Rød Sunndalsøra 9. mai 2023