Årsmeldinga for Sunndal kommune skal no drøftast i kontrollutvalet før ho går vidare til formannskapet og blir vedteken i kommunestyret.

Sak 15/24 https://opengov.360online.com/Meetings/KONTROLLUTVALGROMSDAL/Meetings/Details/215007?agendaItemId=203687

Årsmeldinga saman med årsrekneskapen, fortel politikarane og folk flest korleis det gjekk i fjor.

Meldinga som er lovbestemt, skal minst omhandle økonominen, forholdet mellom budsjett og resultat, måloppnåing, etisk standard, likestilling og aktivitetsplikt etter likestillings- og diskrimineringsloven. Kommuneloven §14 2-4 https://lovdata.no/lov/2018-06-22-83/§14-2

Refstie har på nytt fått skriveriet «Ordførerens kommentar», inn som ein del av meldinga.  Meldinga er kommunedirektøren sin, og Refstie har ikkje noko der å gjere.

Som folkevald og ordførar kan han som dei andre, kommentere i formannskapet og kommunestyret.

Ved den politiske handsaminga blir Refstie sin habilitet mildt sagt, tvilsam. Når folkevalde kan vere inhabile, skal det kallast inn varamedlemmar. Det kostar pæng.

Den nye kommunelova som kom i 2018, er skarpare i skillet mellom politikarar og administrasjon enn den forrige. Refstie skal ha fått med seg det.

Som politikar tok eg mange ein gong opp Refstie sine utidige skriveri.

For to år sia uttala kontrollutvalet;

«Kontrollutvalget ber om at ordføreren sin kommentar bli teken ut av årsberetningen». https://opengov.360online.com/Meetings/KONTROLLUTVALGROMSDAL/File/Details/210962.PDF?fileName=Vedtak&fileSize=79584

I fjor var det ikkje noko «Ordførerens kommentar». Eg trudde Refstie og kommedirektøren hadde forstått. No har eg slutta som politikar.

Her er gamle lesarinnlegg om samme sak;

https://www.driva.no/meninger/i/416AlV/ordforer-refstie-vil-ikke-delta-i-behandlingen-av-kommunens-arsberetning

https://www.auraavis.no/ordforer-refstie-vil-ikke-delta-i-behandlingen-av-kommunens-arsberetning/o/5-5-193027

Det skal være ryddigheit i politikk og forvalting

Innste Målle, 30.3.2024

Erling Rød