«Det skulle skinne av landet berre SP og AP kom til makta, fasiten vart tidenes -dagen derpå haudeverk, der kommunane og fylkeskommunane no må kutte brutalt for å få økonomien i balanse»

Møre og Romsdal fylkeskommune må kutte betydeleg i budsjettet. Kraftig drivstoffprisauke og null kompensasjon frå staten i resten av kostnadsauken fører til svært store problem. Kostnadane innan drifta av ferjer, kollektiv og fylket generelt medfører full kollaps i økonomien.

Kommunane opplever det same, og løyvingane til kommunane frå SP og AP blir som lommerusk i den store samanhengen.

Som om ikkje kommunane hadde det vanskeleg nok, så presterar altså Vedum, SP og AP å innføre grunnrenteskatt på straumproduksjon.

Kraftbransjen varslar full stopp i utbytte til kommunane og stopp i investeringane. Tafjord kraft som ein av dei store i regionen, varslar stopp i både utbytte og investeringar.

Dette fører til ytterlegare krise i kommuneøkonomien med bakgrunn i forventa kraftinntekter i budsjetta.

Enda ein gong ser vi SP og AP i praksis, der spesielt «glupinga» i AP her i fylket snakkar om å ramme kun «rikingane».

Resultatet no vert kutt i tjenester til alle «vanlege folk» rundt om i kommunane, kutt i eldreomsorg, skule og barnehage, og mindre til dei som har lite frå før.

SP og AP burde skamme seg, når landet og regjeringa vasser i hundrevis av milliardar i ekstrainntekter utover vedteke nasjonalbudsjett.

FrP vil kutte avgifter på drivstoff, kutte andre offentlige avgifter som ikkje medfører auka pengebruk og press i økonomien.

Dette ville verke direkte positivt i alle kommunar sine budsjett, og sjølvsagt positivt for vanlige folk.

Kutt i avgifter er også inflasjonsdempande og eit viktig bidrag for å kunne holde renta nede.

Dessverre må vi fortsette nokre år å sjå på at raudingane raserar landet, kommunane og vanlege folks økonomi.

Kunne ein lyst ut nyvalg kunne vi skifta ut Vedum og Støre regjeringa, det hadde vore det einaste rette no.

«SP og AP i praksis har vi alle fått meir enn nok av»

Mvh

Frank Sve

1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant for FrP