Måndag er det soknerådsvalg. Det gjeld demokratiet tak i kyrkja. Her får folket sin juridiske rett til å gjera kyrkjelivet på heimstaden godt for eigarane. Og eigarane er rett og slett: Alle døypte på staden. Å ivareta dette, betyr mykje for omtrent alle av oss. Valget er viktig!

Står over fellesråd og kyrkjeverje

Meir enn nokon gong må vi poengtere den lovfesta strukturen i kyrkjedemokratiet. Det er nemleg ikkje slik mange synest å tru, at lokalkyrkja er styrt av ein kyrkjeverje over eit fellesråd. Tvert imot: Det er det folkevalde soknerådet (menighetsrådet) som er rettssubjekt, som innehar den juridiske makta og som først og fremst skal bestemme på vegner av folket i soknet.

Samtidig er det ei god ordning at det valde styringsorganet i kvart sokn delegerer oppgåver til fellesrådet i kommunen (ordning frå 1997). Slike oppgåver er finansiering, personalansvar og drift av kyrkjer og kyrkjegardar. Fellesrådet består av utsendingar frå sokneråda. Kyrkjeverja ser til at daglege oppdrag blir utført.

Har «den kirkelige myndighet»

Lovverket seier at presten har hovudansvar for gudstenester, dåp, vigsler og gravferder. Men – sitat: «Utover det ligger den kirkelige myndighet på lokalplanet til soknet, representert ved menighetsrådet (soknerådet) og fellesrådet ... Menighetsrådet treffer avgjørelser og opptrer på vegne av soknet når det ikke er fastsatt i eller i medhold av lov at myndigheten er lagt til kirkelig fellesråd eller et annet organ.»

Føremålet (§ 9 i Kyrkjelova): «Menighetsrådet skal ha sin oppmerksomhet henvendt på alt som kan gjøres for å vekke og nære det kristelige liv i soknet, særlig at Guds ord kan bli rikelig forkynt, syke og døende betjent med det, døpte gis dåpsopplæring, barn og unge samlet om gode formål og legemlig og åndelig nød avhjulpet

Konkret vil dette seie å ta ansvar for bl.a. gudstenestelivet, opplæringstiltak for born og konfirmantar, omsorg, evangelisering og kyrkjemusikk. Og her er det bruk for alle evner og anlegg hos deg som blir innvald! Soknerådet bestemmer også utleige av kyrkja, kyrkjeofringar og «forvalter de midler som blir samlet inn». Det har altså sentrale plikter og rettar.

Demokratiet må vernast

Men dette demokratiet må vernast. Det er under press på fleire måtar. På nasjonalt nivå har striden om organisering av kyrkja vore hard. Faren for sentralisering av makt er ikkje avverga, sjøl om frykten delvis er dempa.

Her må vi gi tillit og oppmuntring til dei som blir valde til å gjera lokalkyrkja levande. Soknerådets juridiske mynde er udiskutabelt. Og ein må sørgje for godt samarbeid med fellesråd og kyrkjeverje med tydeleg vekt på at folket sjøl har peika ut soknerådet til å styre kyrkja si.

Å oppmuntre og informere om dei nemnte rollene må prioriterast når nyvalde sokneråd no trer i funksjon. Betre enn før må ein sørgje for at maktstrukturen i lokalt kyrkjedemokrati får fungere slik meininga er.

Dette vil kanskje kreve ny gjennomtenking av forholdet mellom råda. Ikkje minst må vi bevare opne og kontrollerbare rutiner som hjelper sokneråda til å utøve sin rett og skjøtte sine oppgåver slik dei vil og skal. For – som andre har sagt: Kyrkja må fungere lokalt!

Godt soknerådsvalg!

Bernt G. Bøe