Norge er på veg til å bli eit gjennomdigitalisert samfunn. Dette har også sine uheldige sider. For dei eldre, og kanskje mest dei eldste eldre, kan dette krevce store utfordringar.

Det er ikkje alle som er på «nett». Mange av dei eldste eldre ønskjer å få informasjon på papir, slik dei er vande med. For desse blir situasjonen stadig verre. Gebyra for å skrive ut papirfaktura tek til å bli svært så høge. Forbrukartilsynet reagerer på dette. I følgje avisa Aftenposten av 6. november 2023 (s.20) vil no Forbrukartilsynet «vurdere å ilegge tvangsmulkt hvis ikkje gebyrene kuttes». Dette temaet blei tatt opp i NRK 1 18. november 2023.

Straumleverandørane Svorka og NEAS har til dømes store skilnader på sine gebyr. Eg synest og det er litt spesielt når fakturagebyret på ferjepasseringa Kvanne-Rykkjem er på er på kr 70 medan ferjebilletten ein veg er på kr 56.

Elles er det slik at ikkje alle har barn eller barnebarn til å hjelpe seg med den praktiske delen av digitaliseringa.

Av Johs. J. Vaag