På det politiske møtet i Surnadal 29. august i år, stilte eg spørsmål til alle dei poitiske partia om tida er koma til å fjerne kunstgrasdekket på leikeplassen/ballplassen ved Stangvik kyrkje. Så vidt eg veit er det planar om å engasjere ein landskapsarkitekt for å gje ei oppgradering av utforminga av landskapet/areala rundt kyrkja. Eg meiner at arkitekten skal ha som premiss at det er naturgras på leikeplassen.

I 2014 engasjerte eg meg mot planane om legging av kunstgras på det som var og er eit friluftsområde /leikeplass/ballplass i eit «Statleg sikra friluftsområde», erklæring tinglyst 1. februar 1989. Naturområdet rundt Stangvik kyrkje er freda. Det er synd at dette området vart gjort til oppsamlingsplass for spesialavfall. I forureiningslova er gummidekk definert som spesialavfall. På Svissholmen/leikeplassen ved kyrkja ligg det tonnevis med gummigranulat av gamle bildekk.

I sine høyringsuttalelsar til planane om kunstgras på leikeplassen ved Stangvik kyrkje, skreiv Fylkesmannen: «Ettersom arealformålet ikkje er avsett til idrett og sport i reguleringsplana, talar ordlyden isolert sett for at oppretting av kunstgrasbane ikkje er i samsvar med reguleringsformålet» Men fylkesmannen konkluderte med å godkjenne tiltaket.

Møre Biskop: «Møre biskop vil sterkt frarå at Surnadal kommune gjev løyve til å gjennomføre tiltaka det er søkt om for endring av ballplassen på Svissholmen». Fylkeskonservatoren: «På bakgrunn av dette må vi på det sterkaste frarå at det vert løyve til å etablere ballplass på Svissholmen/Stangvika slik det er omsøkt» . Fylkesarkeolog Harald Høgset: (intervju med TK, ikkje høyringsuttale) «Dette er en utfordrende sak, og jeg synes i prinsippet at kommunene skal ivareta plasser med stedskarakter som dette. Det er kjent at det lå en stavkirke i senmiddelalderen her, og det er et flott område med naust og kirke i dag. Dette bør kommunen ta vare på, og da er det ikke bra med et vedtak som tillater kunstgress».

Etter kvart (2015) vart eg av helsefagfolk orientert om helserisikoen ved kunstgras og gummigranulatet i kunstgraset. Det vart gjennomført ein analyse av granulatet som vart lagt på det aktuelle området. Analysane vart gjort i Danmark og Tyskland (september 2015) og det vart avdekt til saman 34 ulike stoff av Fenoler og PAH-stoff, klassifiserte som «canserogener», kreftframkallande stoff. Dei same stoffa påverkar også evna til reproduksjon og kan gje endringar i arvestoffet, DNA. Gummigranulat inneheld dessutan fleire tungmetall.

Mange kommunar i Norge har no byggestopp for kunstgrasbanar med gummigranulat. I USA er det totalforbod i dei fleste statane. Der har dei registert mange krefttilfelle som utan tvil kjem av kontakt med gummigranulat. USA har hatt kunstgrasbanar 20 år lenger enn oss, og har såleis fått sett dei helsefarlege sidene tidlegare. Det foregår fleire rettssaker der kor kommunar og idrettslag vert stilte til ansvar for dei sjukdomstilfella som vert knytt til opphald på kunstgrasbanar. Og same prinsippet om ansvar gjeld også i vårt land.

EU-kommisjonen gjorde vedtak 27. april 2023 om å forby kunstgras med gummigranulat, og med påbod om fjerning av allereie bygde anlegg innan 8 år. Denne veka vart vedtaket stadfesta i EU – og gjeld også for Norge.

Norske reaksjonar på vedtaket i EU: (VG) – Jeg er glad for at EU tar ansvar i denne saken og kommer med et viktig grep for å minske forurensing, skriver stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV) til NTB. Han ber klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) gå foran og sørge for et forbud i Norge så fort som mulig. – Dette er en merkedag for miljøet, fordi det betyr at den nest største kilden til mikroplastutslipp til havet nå får en sluttdato. Dette er fremtidsrettet miljøpolitikk som bedrer situasjonen for natur, dyr og mennesker, sier leder i Miljøpartiet De Grønne, Arild Hermstad, til NTB. Mikroplast og helserisiko var også til debatt i «Dagsnytt 18» 29. september i år.

Det er avgjerande viktig at kunstgrasdekket vert fjerna før helseskade vert avdekka. Vert helseskade påvist, vert den ansvarleg som la dekket, sidan det allereie da var kjent at granulatet var helsefarleg. Forureininsglova slår også klart fast at «Den som forurenser, skal betale/rydde opp».

Det er mykje snakk om å få til eit «Grønt skifte». Å byte ut det svarte, helsefarlege gummigranulatet med naturgras er eit godt, grønt og helsefremjande skifte.

Tida er koma til å gå tilbake til naturgras på leikeplassen ved Stangvik kyrkje.

Av Torbjørn Brøske