Frå slutten av 1960-åra og fram til i dag har eg samanhengande hatt leiande tenestestillingar og eller vore folkevald i styre, råd, nemnder og utval som har hatt med eldreomsorg å gjere. Mi lengste funksjonstid som kommunal arbeidstakar var å vere helse- og sosialsjef i Surnadal kommune i 16 år. Inn i dette kjem at eg også har vore med i frivillig humanitært arbeid, kor eldreomsorg i høgste grad har inngått. 30 år som fylkesleiar og 36 år som fylkesstyremedlem i Nasjonalforeningen for folkehelsen i Møre og Romsdal seier vel sitt. Alt dette er dokumentert gjennom mine memoarar, boka «Slik eg hugsar det».

Etter at eg blei pensjonist har eg engasjert meg i eldresak og eldreomsorg med særskild interesse for dei eldste eldre sin situasjon. Som leiar i Surnadal Pensjonistlag i 10 år og som leiar i Surnadal eldreråd i 16 år har eg hatt høve til å følgje med og gi uttrykk for mitt syn når det gjeld eldreomsorga i Surnadal kommune. Det har blitt ein god del lesarinnlegg opp gjennom åra. Ein bodskap i desse lesarinnlegga har støtt vore at talet på dei eldste eldre i Surnadal vil auke i åra frametter. Framskrivingstala frå Statistisk Sentralbyrå talar sitt tydelege språk i så måte. Elles er stoda slik at med fleire eldre i høg alder vil det bli fleire demente mellom oss. 60-80 prosent av bebuarane ved våre sjukeheimar er demente. På dette feltet har og vil Surnadal kommune få ei stor utfordring i åra frametter. Pårørande til demente personar utfører ofte ein framifrå innsats for sine kjære. Det er viktig at desse får avlasting slik at de ikkje slit seg heilt ut. Eg har i godt som alle mine lesarinnlegg gitt stor ros til dei tilsette innan helse, pleie og omsorgssektoren for gjennomgåande framifrå innsats. Arbeidspresset er ofte stort. Stor takk for at dykk har stått på og framleis står på!

Som folkevald pensjonist med 3 periodar i kommunestyret og 3 periodar som medlem i hovudutval for helse- og omsorg (den siste som nestleiar) har eg vore med og behandla saker som har hatt direkte betydning for dei eldre sin situasjon. Mi erfaring er at det ikkje alltid har vore lett å få gjennomslag for forslag til beste for dei eldste eldre i Surnadal kommune. Som eit konkret døme vil eg nemne saka om nedlegging av 8 plassar ved Surnadal sjukeheim. 4. november 2021 vedtok kommunestyret i Surnadal Bustadpolitisk plan 2020-2024. På side 12 i denne vedtekne plana heiter det: «Slik situasjonen ser ut no vil det vere meir aktuelt å satse på vidare utbygging av omsorgsboligar, enn å byggje fleire sjukeheimsplassar.» Partikollega Nils Petter Tonning og underskrivne sette fram eit forslag om eit tillegg til nemnde tekst i plana. Forslaget hadde følgjande ordlyd: «Rådande situasjon tilseier at det alvorleg bør vurderast å ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar snarast råd. Viser i den samanhengen til at det for budsjettåret 2021 ligg an til å bruke om lag 1 mill. kr. til gebyr vedkomande ferdigbehandla sjukeheimspasientar som ikkje har fått noko behandlingstilbod i Surnadal.» Ved voteringa i kommunestyret røysta 8 kommunestyrerepresentantar for forslaget medan 19 stemte imot. Dermed fall forslaget om å vurdere og ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar. Eit anna konkret døme er eit oversendingsforslag, framsett av Nils Petter Tonning og underskrivne på eit kommunestyremøte 16. desember 2022. Forslaget lydde slik: «Surnadal kommunestyre ber kommunedirektøren vurdere om det kan vere føremålstenleg å ta i bruk 2-4 nedlagde sjukeheimsplassar for å avhjelpe situasjonen der utskrivingsklare pasientar må bli verande på sjukehus lenger enn nødvendig.» Forslaget blei nedstemt. Eit positivt lyspunkt her var at ordførar Margrethe Svinvik gjekk inn for det nedstemte oversendingsforslaget.

Det har kome fleire spørsmål til meg om kva dei nedlagde sjukeheimsplassane har blitt bruka til. Informasjonen om dette vil eg tru kunne ha vore betre.

Hovudoppslaget på førstesida i avisa Driva av fredag 3. november i år er at Surnadal kommune har utfordringar med å ta i mot pasientar som skulle vore skreve ut av sjukehus. I 2022 betalte kommunen for 252 overliggardøgn på St. Olav sjukehus i Trondheim og i overkant av 80 døgn ved Kristiansund sjukehus. Kostnaden er oppgitt til 1,8 millionar kroner. Ser ein bort frå dei 3 byane i fylket er det berre Vestnes kommune med sine 334 overliggardøgn som kan vise til høgare tal enn Surnadal i Møre og Romsdal. Til samanlikning hadde Sunndal kommune 58 overliggardøgn i fjor. Desse faktaopplysningane viser vel til fulle alvoret i situasjonen i Surnadal når det gjeld mangelen på sjukeheimsplassar.  I avisoppslaget til Driva blir det vist til uttale frå helse- og sosialadministrasjonen i Surnadal kor det mellom anna heiter: «Utfordringen med utskrivningsklare pasienter i fjor skyldes i hovedsak utfordringer med å rekruttere nok og kvalifisert bemanning.» Til dette er å seie at om ein ikkje får nok sjukepleiarar til sjukeheimsdrifta bør det kunne vurderast om ikkje arbeidsoppgåvene til sjukepleiarane kan endrast noko slik at helsefagarbeidarar og eventuelt andre fagfolk innan helse- og omsorgsfaget kan lærast opp slik at dei kan overta ein del av  sjukepleiarane sine gjeremål. Tilsette helsefagarbeidarar og andre  kan også oppmuntrast til å vidareutdanne seg til å bli sjukepleiarar. Nødvendige støtteordningar for å få dette til i praksis må sjølvsagt utgreiast. Odd Asbjørn Bævre som har vore hovudtillitsvald i Fagforbundet i Surnadal frå 1991 til 2013  seier seg samd i dette synet.

Konst. kommunalsjef for helse- og omsorg i Surnadal har 28. november 2023 opplyst til underskrivne at så langt i år har Surnadal kommune betalt kr. 1.264.416 i gebyr for utskrivingsklare pasientar som kommunen ikkje har vore i stand til å ta heim umiddelbart etter at melding om utskriving har skjedd. Døgnprisen er for tida kr. 5.508,-. Liggetida på sjukehusa er eit døgn eller to, medan nokre ligg i fleire veker. Desse opplysningane viser, etter underskrivne sitt syn, at Surnadal kommune burde hatt fleire sjukeheimsplassar i bruk.

Som nestleiar i fylkeseldrerådet gjennom 8 år og medlem av fylkesstyret i Pensjonistforbundet i 9 år samt medlem av brukarutvala i helseføretak Nordmøre og Romsdal og seinare helseføretak Møre og Romsdal i til saman 4 år har eg fått eit visst innblikk i korleis stoda i fylket er når det gjeld tilhøva for dei eldste eldre i fylket.

Under Surnadal Pensjonistlag sin julemiddag på Nordmøre folkehøgskole 6. desember i år opplevde eg av eldrerådet å bli tildelt Surnadal kommune sin eldrearbeidspris for året 2023. Denne tildelinga sette eg stor pris på. Stor pris sette eg og på dei orda ordførar Hugo Pedersen kom med i samband med sjølve prisutdelinga. Ein stor dag for meg. Eg vil nok framleis følgje med og vere oppteken av dei eldre sine rettar og omsorgstilbod. Eg vel å sjå positivt på framtida. Dei eldre er ein ressurs i samfunnet. Det skal vi ikkje gløyme. Med felles innsats er det utruleg kva ein kan få til.

Dette lesarinnlegget er skreve som privatperson med ytringsfridom. Eg ønskjer sterkt at dei eldste eldre i framtida ikkje skal bli nedprioritert. Tidlegare stadsfysikus i Oslo og leiar i Nasjonalforeningen for folkehelsen, Fredrik Mellbye, har ved eit høve i 1990 sagt det slik: «Dei midt i livet som planlegg og gjer vedtak veit ikkje kva dei eldre ønskjer seg.» Heidersmannen Mellbye sine ord er i alle høve ein tankevekkar.

Johs. J. Vaag