Vi er berre i januar enno, og det er tidleg å tenkja på såtid, sjølv om vi lengtar til våren og til å så og planta. Difor kan vi også tenkja at Såmannssøndagen er plassert på feil tid av året, den dagen som handlar om såkornet og frøet som vi legg i jorda. Men det er her i vårt kalde nord. Andre stader i verda blir det sådd og planta i dag.

Og forteljinga er ei likning, som Jesus fortalde, om Guds rike. Det er det tekstene for dagen handlar om, som eksempel på Gudsrikets vekst. I år er det to likningar i Mark 4,26-32. Den eine om mannen som har sådd kornet, og kornet som gror og veks «av seg sjølv», til det er moge, og såmannen kan skjera det. Det andre om det vesle frøet som blir til eit stort tre, «større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.» Ja, det er forunderleg, eit stort mysterium. Og like stort under er Guds rike som veks ut over heile verda. Det starta så smått, ved Genesaretsjøen, der Jesus sa: «Kom og følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar.» Og etter hans oppstode: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet.» Der Ordet blir forkynt, der kjem Guds rike og menneske blir ført til frelse ved trua på Jesus Kristus. Det er dette riket vi feirer Såmannssøndagen for.

No har dette riket nådd til nær sagt alle folk. Bibelen er omset til nær to tusen språk og er den mest leste boka i verda. Det kom også til vårt land og folk for tusen år sidan. Vi skal snart feira tusenårsjubileum for kristninga av vårt land. Men like stort er det kanskje at vi i år kan feira starten på Kristenretten i Norge, ved Mostratinget i 1024 der Heilag Olav og biskop Grimkjell gav Norge kristne lover, som var starten på eit kristent lovverk i landet vårt, med vekt på likeverd og menneskeverd, forbod mot å setja ut uønska born i skogen for å døy, forbod mot blodhemn og ættehemn, slaveri og tvangsekteskap, grunnen for eit nytt og meir humant menneskesyn i Norge. Vi kan også feira 750 år for Magnus Lagabøtes landslov, som la grunnen for eit meir humant menneskesyn i Norge, og var bygd på Kristenretten og eit kristent menneskesyn. Det vart og lagt vekt på omsorg for fattige og sjuke. Dette har også prega kristen evangelisering og misjon rundt i verda, kor det har vorte bygd opp sjukehus, klinikkar, skular (også for jenter og for fattige), naudhjelpsarbeid, utviklingshjelp etc. Positive følgjer i land og samfunn. Fuglane som kan byggja reir i skuggen av greinene. Slik kristen tru og tanke har gjennomsyra lovgjeving og samfunn i landet vårt.

Dette riket kjem vi inn i ved vår dåp. Og dette riket blir sådd ved forkynning, opplæring og dåp. Slik kan Guds rike veksa og spre seg. Difor er det så viktig at små frø blir sådd i born og ungdom, slik foreldre og fadrar har forplikta seg til ved dåpen. Ut frå Jesu ord:«Å læra dei å halda alt det eg har bode dykk.» Det skjer i heim og kyrkje, i søndagsskule og konfirmantopplæring. Det er Gud som gir vekst, men vi må så og vatna og leggja til rette så planten kan veksa.

Einy Rendal Elgsæther