Det er eit betimeleg spørsmål Irene Røe Vaagan stiller i avisa for ei tid sida: «Hva skal vi med kirkene?» Dette går mest på vedlikehald av kyrkjene, og det er kjempeviktig dersom vi vil ha kyrkja vår, som ho så fint får fram kor viktig er. Takk for dine kommentarar.

Eg har ikkje føresetnad for å vurdera den fysiske tilstanden av kyrkjene i min kommune Surnadal, men veit i alle fall at det også blir gjort ein stor dugnadsinnsats på kyrkjehus og kyrkjegardar, som viser at folk er glad i kyrkjene sine og ønskjer å halda dei i stand. Men det er sjølvsagt ikkje alt som kan gjerast av «lekfolk» på dugnad.

I Todalen bør ein kanskje forsterka taket på grunn av songen! Og der går snart ein tidel av folketalet til vanlege gudstenester. Og no kjem eg til mi sak: Kva med kyrkja vår? Kva med det indre liv og omsorg for kyrkjelyden? Sist søndag var det, så vidt eg veit, ei- 1- gudsteneste i heile kommunen. Og slik vil det kanskje bli, for vi har ein prest for åtte kyrkjer, og han er også prost for heile Indre Nordmøre prosti. Korleis kan han følgja opp alt dette arbeidet, med gudstenester, menighetsliv, konfirmantarbeid, gravferder og dåpssamtalar etc, sjølv om han har gode medarbeidarar? Hittil har trufaste pensjonistar berga oss, både på preikestolen og orgelkrakken. Men det går ikkje i lengda.

Kva kan vi som kyrkjemedlemar gjera? Vi kan i alle fall fylla kyrkjene så biskopen og alle andre som styrer kyrkja kan sjå at her trengst det arbeidarar, ikkje berre i Oslo og på Sørlandet, der det er nok søkjarar, så dei kanskje kan omdirigere nokre. Og så kan vi oppmoda unge til å gå inn i kyrkjeleg arbeid, også utdana seg til prestar, som eit fantastisk allsidig og fint yrke, der du får kontakt med menneske i alle aldrar og livssituasjonar, og får bety noko for enkeltmenneske, kanskje for heile samfunnet.

I vår tid er dei fleste mobile, slepp å setja seg i båten og ro lange vegar til kyrkje, men lettvindt koma seg med bil nokre mil. Og det bør vi absolutt gjera, køyra til andre kyrkjer når det ikkje er gudsteneste i vår kyrkje. Men det blir ikkje det same som eit kontinuerleg gudstenesteliv i kvart sokn. Og det kan bli fullt i Todalen kyrkje dersom folk frå heile kommunen skulle koma.

Ideelt sett skulle det vore gudsteneste kvar søndag i alle kyrkjer. Ranes og Øye er vel så nær i geografi og samarbeid at det ikkje skulle vera nødvendig. Men elles. Og ein gong for månaden må vera absolutt minimum for ikkje å bli sveltefora. Og vi veit kva det fører til om buskapen ikkje får nok mat og stell. Da dør dei, og «hjorden» kan åndeleg dø.

Heldigvis har vi enno eit stort og fint konfirmantarbeid, med mange flotte konfirmantar, som tek engasjert og seriøst del i gudstenestene, slik Bernt Bøe nettopp dokumenterte så grundig i avisa. Og omlag alle born blir døypte. Vi må be om og arbeida for at dette kan halda fram i kyrkja vår.

Einy Rendal Elgsæther