«Vi lever i ei alvorleg tid», understrekar statsministeren, og politikarane våre og media følgjer opp – mellom anna med daglege og urovekkande rapportar frå Midtausten og Ukraina og Taiwan og andre stader der dei militære og stadig fleire og meir effektive våpen og nyare krigsmateriell skal sikre sigeren og ta vare på freden og kloden vår. For no går våpensmiene for fullt, både hos dei krigførande og hos supportarane. Og både på Raufoss og hos andre norske og utanlandske våpensmier renn pengebingane full medan etterspørselen etter stadig fleire produksjonsarbeidarar aukar, samtidig som FN og diplomatiet er i krise. Og pressa har målgruppene klare: «Må vi jage russerne med høygaffel?», spør Adresseavisen 15/1-24, og partileiaren i Venstre meiner at vi er alt for lite direkte i bodskapen her i landet om at vi alle må førebu oss på krigen. Sjå på dei nyfrelste NATO-tilhengarane i Sverige!  No er det ikkje Olof Palmes røyst som lyder derifrå!

Eivind Hasle er bekymra.

For i dag synest problema større enn politikarane, og diplomatiet og diplomatane og fredsrørsla heng ikkje lenger med – det er krigen og våpna og soldatane som skal skape og sikre fred.  Og Venstre-leiaren meiner at hennar ord – om tydelegare tale om krigen som trugar oss alle, er det som best vil redusere bekymringar og nerveproblem i befolkninga og skape tiltru til politikken og leiarane på kloden vår.

Det er ikkje rart at pessimismen aukar hos dei som har framtida framfor seg!

Eivind Hasle 6650 Surnadal